Bøfjorden søndag

Tema buss
Bussen går faktisk enno - som den har gjort i over hundre år! På museet i Bøfjorden søndag tek sjåførveteranar eit tilbakeblikk.
Surnadal Billag kom visst på hjul i 1912. Frå da har firmanamn, sjåførar, kjørety og komfort skifta. Med bildekåseri tek eit sjåfør-team oss med på tur gjennom denne levande fasen i lokalhistoria.
Der «styrer» Sigmund Gravvold, og eit par kollegaer legg sikkert «handa på rattet».


Historielaget og sjåførane har henta fram ein fyldig biletserie. Frå «Surndals Auto» (merk skrivemåten!) trillar det inn bussar frå dei hundre åra fram til no. Ein får sjå mange modellar, garasjar og haldeplassar, sjåførar, nokre passasjerar og ymse gods.
Ikkje minst: Programfolket og publikum i salen vil bidra med opplevingar - også av det humoristiske slaget!



Det meste følgjer Surnadal Billag, som via samarbeid og fusjonar vart utvida og skifta namn mange gonger fram til dagens VY, som kjører for fylkesselskapet FRAM. Men også andre busselskap dukkar opp og beviser stor samfunnsnytte.

På kjøkenet vil Gunnvor og Inger sørge for kaffe, bakels og ymse anna. Og sesongutlodninga får stadig fleire gevinstar, seier arrangøren Bøfjorden Historielag – som set pris på all oppslutning og støtte i arbeidet sitt.