Fengande tema:
Vegane våre
Med imponerande kunnskap formidla Terje Holm nordmørsk veghistorie på museet i Bøfjorden søndag.
Han tegna to hovudlinjer - Gylhamrane og Nordmarksvegen. Bilveg frå Kvisvika til Tingvoll vart opna 1. juli 1931 og knytte Nordmøre til Oppdal og jernbanenettet. Holm viste både arbeidsteknikk og lønnsforhold. Samferdselsstrategen Wilhelm Dall spela ei betydeleg rolle i prosjektet.
Første tunnel i Gylhamrane, Vulviktunnelen vart opna i mai 1955 - to år etter at ras ved vegen gjorde tunnelbygging nødvendig.
Markavegen – med kvalbeinfunn
Vegen over Nordmarka i Surnadal vart «prøvekjørt» med bil av bøfjordingen Åge Garthe hausten 1936, men offisielt opna i 1938 etter ein byggeperiode på nesten ti år. Gunnvor Bøe på kjøkenet kunne fortelje at før vegen kom, gjekk mor hennar på ski frå Surna til Bøfjorden på teneste!
Og Terje Holm fletta inn riktig gammel historie: Ved Trøbekken i Bøverfjorden fann vegarbeidarane bein av ein fleire tusen år gammel grønlandskval i traseen! Beina hamna sia på Nordmøre Museum i Kristiansund og brann der opp under krigen.
Men ein av vegarbeidarene tok vare på noko av skjelettet. Og under kåseriet kunne sjøbruksmuseet - for ei måpande forsamling - vise fram to ryggskiver av kvalen i Bøverfjordlia!
Ferje og sjøfly
Foredragshaldaren fletta også tidleg ferjetrafikk og endatil sjøflyruter inn i foredraget - som var illustrert av relativt få, men gode foto.
Nordmøre hadde organisert ferjetrafikk alt frå 1928 (Kvanne-Røkkum).
– Dette var så å seie før andre kystområde eingong hadde sett ei bilferje! bemerka kåsøren.
Han refererte også til gamle Nils Halse, som tidleg bygde ferjekai og ekspederte trafikken Halsa Kanestrøm. Barnebarnet Nils Halse var i salen og bekrefta dette - også ein halvdramatisk episode frå krigen, da ein misfornøgd tysk general Frankenhorst laut vente ved kaia.
Nils Halse nemnte også sjøfly med passasjerar til Kristiansund alt i 1931. Dette som supplement til Holms opplysning om at første faste sjøflyrute dit kom i 1935 - Det Norske Luftfartsselskap.
Meir under «ordet fritt»
Eldre vegplaner vart også nemnt under «ordet fritt». Veg frå Surnadal over Bøverdalen og Holtaskaret til Valsøyfjorden var drøfta alt i 1826. Året etter gjekk eit folkemøte inn for å bygge «Bygdevei frå Halsenøstene til Bøfjorden» - for vidare samband.
Dette vart på grunn av vanskeleg terreng omgjort til «blott Ridevei» og etter kvart skrinlagt. Men på trimruta mellom Kalset og Kvalnesvika finst det enno synlege muringar etter den påbegynte bygdevegen.
Besøket på museet var godt, og bekrefta at lokal veghistorie interesserter mange.