Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Skolelever i et museumslokale
Her dryssar det lokal historie. Og etterpå blir det quiz!

Niande-gjengen på museet

Kvart år legg niande på Subus ein dag til Bøfjorden. Besøk på sjøbruksmuseet er fast innslag – alltid til glede for vertskapet Bøfjorden Historielag.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag 17. juni var det to intense økter med lokal historie – både i og utafor museet. Først frå strekninga Øye – Bøfjorden.

Historie frå mange tusen år

På eitt av borda låg eldste klenodiet: Mange tusen år gamle bein av ein grønlandskval dei fann da Markavegen vart bygd i 1930!

Tre jenter med klær og effekter fra museet
Fride poserer i drakta frå filmen «Same Jakki». Maya er klar med oljetrøye, sildlodd og ausekar: Sigrid viser dei mange tusen år gamle beina etter grønlandskvalen dei fann under bygging av Markavegen.

Historietimen tok så for seg Åsskard-kyrkja - som jubilerer neste år, bureisinga i Settemsdalssletta frå1940 og fjellet Hjelmen. Der oppe hadde mange av 15-åringane vore, og mange bevitna at høgda var 978 meter!

Skyttarlag og sagbruk

Skyttartalenta i elevflokken visste sjølsagt om Hjelmen Skyttarlag – som har bane attmed Leikarvollen og Grendahuset. Men at lærar Aalmo, som stifta laget i 1888, skaut ein ørn på langt hold med sin moderne Krag-Jørgensen for 130 år sia, var imponerande sjøl for desse.

I Settemselva var det sagbruk heilt frå 1600-talet, og i «hollendertida» kom utanlandske seglskuter hit etter material. Dette var ein link til besøket på dagens litt meir moderne Bøfjorden Sag – som også leverer trelast til utlandet.

Skip og film

Også inne på museet var det ymse å lære. Enn at dei bygde havgåande skip med handreiskapen i hyllene der? Og at mannskapet på «Bøfjord» fekk premie av rikspresident Hindenburg etter å ha berga eit tysk skipsmannskap i 1924?

En gutt og to jenter med klær og effekter fra museet
Tre som skal på sjøen: Leander med sildlodd og solide sjyvottar, Sunniva i sydvest («søvestring») og Nora i oljehyre og med iletauet på armen.

Skipsmodellar, forskjellen på jakt og galeas, restane av ei tysk bombe frå 1940, loddsula etter sildbas Edvard Settem og fiskarklede frå gamle dagar gav også innblikk i historia.

Og enn at meieriet ved bekken attmed småbåthamna leverte smør til Newcastle? Eller at det er funne pilspissar frå steinalderen på Heggem?

Samedrakta på museet har ei spesiell historie: Ho var med i den berømte norske filmen «Same Jakki» (Året med samane) frå 1957. Mange hadde lyst til å prøve ho på seg.

Gutt med samisk drakt
Vebjørn kan vel gå rett inn i filmbransjen!

Dramatisk høgdepunkt

Men det historiske høgdepunktet også på museumsbesøket i 2025 var (som alltid) forteljinga om Mannbjønnen – som drap fem menneske rundt Bøfjorden. Eitt av morda skjedde faktisk like ved museet og mesta på dagen 250 år tidlegare – på Dragset den 13. mai 1775. Godt at Skyttar-Tølløv Folldal klarte å skyte han. At 4x-tippoldefar til 9-klasselærar John Heggem jakta på bjønnen saman med Tølløv, hører også med til den historia ...

To gutter og tre jenter rundt et bord med ark mellom seg
- Kva heitte han tyske rikspresidenten no igjen ...? Her er det quiz - med mange rette svar!
Fire gutter rundt et bord med et ark mellom seg
- Når var hollendertida, sa han? Gruppa fann svaret.
Fire jenter rundt et bord med et ark imellom seg
- Åsskard-kyrkja, kor gammal er ho? Å – ja, det er jo 150-årsjubileum neste år!

Når heile tre av bordlaga hadde 24 rette av dei 24 spørsmåla på quizen etterpå, er det tydeleg at niandeklassingane på Subus har sansane med seg!

Dei to gruppene besøkte også Bøfjorden Sag og hadde ein fin rast på friluftsarenaen Mjøksanden.

Powered by Labrador CMS