Bøfjorden sjøbruksmuseum

Flere personer står samlet i et verksted med trearbeidsutstyr og et dekorativt blått brett på et bord.
Artom kler samedrakta godt. Han og vennene lika seg på museet. Kateryna til høgre er iført bøfjordsk «søvestring» og fekk ei glaskule som takk for god tolking av både engelsk og nordmørsk.

Hyggeleg besøk

Både fastbuande og gjestar kan oppleva mykje ved eit museumsbesøk - som da unge ukrainarar besøkte Bøfjorden Sjøbruksmuseum måndag.

Publisert

Med flyktningkonsulent Olav Bergheim som leiar fekk gruppa først eit lite innblikk i skipsbygging og seglskutefart. Ordet «bacalao» var felles begrep og forklarte Lofot-trafikken etter skrei til kleppfiskberga.

Modellskuter og Mannbjønn

Modellar av slike slofartskuter - «Freya», «Aurora», «Loyal» og «Svanhild» imponerte ungdomane.

Sandfrakting, fiskeutstyr, ausekar og «søvestring» konkretiserte historia i fjordbygda.

Tolk Kateryna kom Bernt Bøe så å seie i forkjøpet da ho skildra Mannbjønn-historia for gjestane. At dette rovdyret tok livet av fem menneske, kunne absolutt kallast «world record», tykte dei.

«Same Jakki»

Samedrakta på museet har si eiga historie - utanom sjøbruk. Den var nemleg med i den legendariske filmen «Same Jakki» (Året med samane) frå 1957. Drakta kom seinare i Ole Flessen si eige, og han gav ho til museet. Unge Artom iførte seg like godt dei fargerike gevantane og vart naturleg fotoobjekt i kretsen av vennene.

Midt i opphaldet i eit framandt land er kanskje slike visittar bidrag til positiv integrering? Bøfjorden Historielag takkar for besøket og ønskjer alle velkomne att!


Powered by Labrador CMS