Halsesamlinga:
Bok og konsertforedrag
Start og finale på Stangvikfestivalen vart i år lagt til museet i Bøfjorden – sist tysdag med flott opningskonsert, komande søndag med presentasjon av bok om tonesamlinga etter Kristian Halse.
Kristian Halse (1858–1939) var lærar og kyrkjemusikar - mest i Todalen. Med statsstipend samla han inn ei mengd lokale folketonar. Hans over 240 melodiar var det første store samlararbeidet på Nordmøre. Halse var særleg grundig i det han noterte etter kjeldene sine.
Edvard Bræin følgde seinare i Halse sine spor. Utan desse to hadde mykje uerstatteleg musikk gått tapt. Ei perle dei berga, i mange variantar, er «Julverset» (Et lite barn så lystelig). Halse var den første til å feste dette på notar – da han skreiv ned Nordvik-versjonen i 1902.
Etter ha lege mange tiår i ein skuff i arkivet, kjem no Halse-samlinga endeleg ut.
Masteroppgåve vart bok
Rannveig Eikrem har skrive bok om Halse og folketonane. Den er basert på hennar masteroppgåve i musikkvitenskap frå 2008. No er all musikken transkribert og digitalisert. Med denne boka blir samlinga av folketonar gjort tilgjengeleg for alle interesserte.
På Bøfjorden Sjøbruksmuseum komande søndag lanserast boka. Det skjer med eit konsertforedrag, der Eikrem fortel om Halse, om tonane og om arbeidet med boka. Vi får også høyre eit utval av songane, framført av Eikrem og folkesongar Runa Kvalsund, som også tidlegare har hatt folketoneprogram både på museet og i Åsskard kyrkje.
Rannveig og Runa
Rannveig Eikrem frå Straumsnes er musikkvitar frå NTNU. Ho fokuserer serleg på vokal folkemusikk og religiøse folketonar. Rannveig har dirigert kor i over 20 år og har brukt mykje lokalt folkemusikkstoff.
Runa Kvalsund er folkesongar med utdanning frå Noregs Musikkhøgskule. Ho har fordjupa seg i vokaltradisjonen frå Sør-Trøndelag og Nordmøre og har også jobba med folketonearven etter Kristian Halse.
Kultursamarbeid
Søndagens program med desse to er eit samarbeid mellom Stangvikfestivalen og Bøfjorden Historielag. Som vanleg er Sjøbruksmuseet ope heile ettermiddagen, med kaffe, utstillingar og gratis inngang.
Halvtimen før konsertforedraget kjem eit ekstra kulturinnslag med overrekking av ei historisk gåve til museet.