Velklingande taffelmusikk med «Hjemmelaget». Frå venstre Hans Lauritsen, Peder Hønsvik, Tony Hopen, Espen Wilhelmsen og Alex Kurbanov.

Taffelmusikalsk finale

Publisert

Dei vel 60 frammøtte fekk nyte velklingande musikk og velsmakande middag som årsfinale på museet i Bøfjorden. Og fine gevinstar fekk nye eigarar.

Sildballen som Einar Kjærvik, Brit Sannes og Randi Bøe hadde laga etter tradisjonell nordmørsoppskrift, fall i smak hos alle.

Taffelmusikken vart besørga av gruppa «Hjemmelaget»: Peder Hønsvik (trekkspel), Alex Kurbanov (keyboard), Espen Wilhelmsen (gitar), Tony Hopen (song og slagverk) og Hans Lauritsen (kontrabass). Programmet swinga bokstaveleg - frå svensk visekunst og fransk musettelåt til tango og skotsk Highland. Og det fall i smak på same måte som middagen og kaffen. Dei fleste i gruppa hadde nydelege solobidrag, ikkje minst kapellmeister Peder, som også batt stykka saman med innsiktsfulle og muntre kommentarar - berre hemma av ein for svak mikrofon.

Finaledag med fullt hus på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Bøfjorden Historielag lever av dugnad, gåver, kaffe- og loddsalg. Sommarens utlodning gav bortimot 23.000 kroner, og under trekninga takka styret for dette. - Men det treng de jamen og! kom det spontant frå salen - muntert, men med sans for realitetar.

Gevinstane omfatta alle slags eignating, bøker, gåvekort, kunst og handverk. Og Gunda Bele vart den heldige vinnar av hovudgevinsten, ein stilig løpar i naturfarga garn - voven og gjeven av Randi Lysø.

Museet har gjennom sommaren også fått utvida historiesamlinga med verdifulle tilskot. Noko av dette vil omtala i lokalmedia seinare.

Powered by Labrador CMS