ANNONSE:

Kløvvegmarsjen arrangeres i helga

Laurdag 6.8. kl 10 går kløvvegmarsjen frå Rabban i Vindøldalsvegen til setra Røsta for 20. gong. Slik vermeldingane er kan det bli noget fuktig, men formålet med turen er å halde liv i den gamle stien, og da er fuktig vér effektivt. Slik sommaren har vore har ein to valg: å sitte og vente på godvér eller å kle på seg og gå Kløvvegmarsj!

Kjenner vi folket rett kjem dei og går uansett. Det kostar ikkje noko å vere med. På Røsta er det oppsett telt og er det salg av rømmegraut, bakels og kaffe frå kl 12.

Larsens og The Invalidos kjem og spelar lystig musikk.

Søndag 7.8. kl 12 er det friluftsgudsteneste på Røsta. Etter gudstenesta blir det ein liten konsert med unge, dyktige musikerar og salg av mat som på laurdag. Bommen på Pebua er open så ein kan kjøre til Røsta båe dagane.

Velkomne alle!

Helsing Kløvvegkomitéen og Mo sokneråd

Powered by Labrador CMS