ANNONSE: Tiltak for Gambia

Songkveld for «Todalsbrønnen»
Ikkje berre godt songmål, men ei flott mål-setting ligg bak onsdagens songkveld i Todalen Ungdomshus. Kor og visegrupper slår eit slag for «Todalsbrønnen» - og det i Gambia!
Sted: Todalen Ungdomshus
Tid: Onsdag 17. September kl. 19.00
Visegruppa Basarensemblet frå Kristiansund, trioen Kvameratene frå Molde og vertskoret Prosjekt 17 inviterer til allsongkonsert der inntekta går til eit ideelt prosjekt.

Mat, vatn og utdanning
I kortversjonen om saka seier pioneren og «vise-kvameraten» Ole Foss at medlemmer av dei to gruppene driv eit støtteprosjekt for unge menneske i Gambia, Afrikas fattigaste land. Konkrete mål er utdanning, matforsyning og boring av vassbrønnar. – Og vi har bevis for resultat, bekreftar Foss.

Fem tusen kroner er målet
Jan Øivind Jensen i Basarensemblet fortel at dei gjerne har songkveldar for denne gode saka.
– I Todalen håpar vi å skaffe fem tusen kroner til ein vassbrønn i Gambia, seier han og antydar at den da bør få namnet «Todalsbrønnen»!
Koret Prosjekt 17 er heiltent på ideen. Med salg av lodd og kaffe på konserten er summen realistisk. – Viss ikkje vurderer vi tilskot frå korkassa, seier styret.
Prøysen, evergreens og kabaret
Publikum får både høre og delta i eit triveleg opplegg. Frå allsong- og viseprogrammet nemner vi Prøysen, Falling in Love, This Land is Your Land og mange kjære evergreens.

Vertskoret lovar både Bellman og glimt frå sine kabaretar om seterliv og sjøfart. Hos koret og gruppene går spøk og alvor hand i hand.
Ein kveld for alle – anten ein fokuserer på det ideelle for-målet eller på song-målet (hos gruppene, koret og ei sikkert stor, syngande forsamling).