ANNONSE - Surnadal kulturhus:

Plakat om nyttårskonsert med trondheimsolistene med Gjermund Larsen i Surnadal kulturhus fredag 5. januar kl 19. Bill kr 375

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Tradisjonen tru opnar kulturhuset nyåret med besøk frå TrondheimSolistene – denne gongen med Gjermund Larsen som gjestemusikar.

TrondheimSolistene inviterer denne gongen nordmøringane med på ei spennande reise gjennom ulike folkemusikktradisjonar. Publikum vil få oppleve Biber som blandar tradisjonelle melodiar i musikken sin, Tchaikovsky som har med to ukrainske folkesongar i sitt stykke og Tveitt med ein «folketone» frå middelhavsområdet.

En mann med fiolin.
Gjermund Larsen

Gjermund Larsen, godt kjent i Surnadal frå før, er med som gjestemusikaren denne gongen. Og ein vil sjølvsagt få høre fleire av stykka til denne trøndske folkemusikaren. Eitt av stykka vil også vere i samspel med lokale kulturskuleelevar.

Og nok eit gledeleg gjensyn: Cellisten Øyvind Gimse er tilbake som musikalsk leiar på nyttårskonserten fredag 5. januar kl. 19 i Surnadal kulturhus.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS