ANNONSE - Todalen historielag og Stangvik historielag:

Ei dame i vikingdrakt, ved ei informasjonstavle.
Anne Lise Fløttumm arkeolog og tidligere leder for Oppdalsmuseet, ved Vangfeltet.

Inviterer til busstur til Oppdalsmuseet og Vangfeltet

Stangvik Historielag og Todalen Historielag inviterer til busstur torsdag 26. juni 2025.

Årets busstur er fastsett til torsdag 26. juni. Turen går i år til Oppdal, der vi får omvisning på bygdemuseet og på Vangfeltet (Viking-gravene).

Bussen starter frå Matkroken i Todalen kl. 08.00. Det blir stopp for å ta på passasjerer ved Stangvik skule, Evenshaugen, ca kl 08.15, der det er god plass for parkering. Ferjeavgang frå Kvanne kl 08.30. Neste planlagte stopp for påstigning blir ved Fossheim i Ålvundfjorden. Om nokon ønsker å gå på bussen utenom dei annonserte stoppesteder, ber vi om at dei seier frå om dette ved påmelding.

Vi kjører opp Sunndalen, og reknar med å koma til Lønset i 10/ - 1/2 11- tida. Der tek vi ein liten kaffepause. Historielaget vil ta med kanner med kaffe og litt «kaffebrød». Vi har fått tak i eit par «gaidar» (Tor Helge Gravem og Nils T. Ulvund) som vil fortelje oss om plassane vi passerer frå Ålvundfjorden til Oppdal.

Deretter kjører vi vidare til museet på Oppdal, der det vil bli omvisning eit par-tre timar før vi får servert middag (sodd).

Etter middagen fortsetter vi til Vangfeltet, der ein lokal gaid vil fortelje og vise oss rundt.

Etter besøket på Vangfeltet går turen heimover, ned Sunndalen, og vi reknar med å ta ferja frå Røkkum kl 17.45 eller kl 18.15.

Prisen på bussturen, inklusive omvisning på Oppdalsmuseet og Vangfeltet, samt middag med kafe på museet, blir kr 600,- pr. person. Betaling blir innkrevd på bussen (kontanter – vipps – giro)

Påmeldingsfrist 15. juni 2025.

Vi ber om påmelding til John Moe, tlf /sms 920 48 856 eller epost moej6645@gmail.com

eller Einar Grønnes tlf/sms 91894944 eller e-post einar.gronnes@gmail.com

Da håper vi mange finn turen interessant så vi kan fylle opp bussen – vel møtt!

Powered by Labrador CMS