Åsskard tysdag:

Gruppe barn og voksne som driver med papirhobby rundt et langbord innendørs.
Vil nok bli liv og røre i år – som på biletet frå i fjor!

Klart for påskeverksted

Hobbykveldane før jul og påske samlar mange i Kyrkjestua i Åsskard. Tysdag er det igjen påskeverksted.

Publisert

Instruktør Randi Vetleseter Bøe inviterer barn og foreldre til ein kreativ kveld. Ho har materialar, idear og utstyr klart. 

– Vi skal laga påskekort og pynt av mange slag. Dorullkjerner, eggkartongar, pappbeger og tegnepapir blir til artige figurar som skaper liv og påskefarger rundt i heimane, seier ho. 

– Ta gjerne med eigne materialar og!

Eit høgdepunkt på slike kveldar er felles måltid til slutt. Her har Kari Johanne Aarnes og andre i soknerådet mykje godt å by på.

Alt ligg an til ein triveleg og skapande kveld i Kyrkjestua denne tysdagen!

Påskepynt av doruller og papir står samlet på et bord mot en lys vegg.
Nokre av Randi sine modellar.
Doruller, pappkopper, eggkartong og fjær brukt til fargerikt håndverk på et bord.
Materialet er enkelt og billeg ...
Dorullhus med rosa tak og fargerik papirfugl laget som hobbyprosjekt
… men kan bli artige produkt!
Powered by Labrador CMS