150 år:

Kor og strykere opptrer utendørs foran en hvit trebygning
Midtsommarkonserten Jonsvaka har vore arrangert i over 40 år, gjerne med avslutning som her, på kyrkjetrappa.

Bygdefolket si kyrkje

Åsskard kyrkje - som alle slike - er «folkets hus». Gjennom 2026 markerer åsskardbyggene 150-årsjubileum for kyrkja si.

Publisert

Det skjer med gudstenester, konsertar, samlingar for små og store, boklansering, historiske tilbakeblikk og framtidsvisjonar. Ein komite vil utforme jubileet som ein felles dugnad.

Nettopp «dugnad» er stikkord for kyrkjelivet i desse 150 åra. Sams tak skaffa tomt og tømmer til dette folkets gudshus. Store felles løft, arbeidsinnsats og gåver har forma kyrkja slik ho fungerer i dag.

Klokkeklang

Ei gåve som bokstavleg «let seg høre» er klokkene: Ingeborg og Jørn i Olastua gav storklokka til vigslinga i 1876. Biskop Grimelund rosa den flotte klangen- - Men der skulle vært to, sa han. Olastu-folket var ikkje snauare enn at dei bestilte ei til! Og finare klokkeklang enn i Åsskard hører du sjeldan! Dei fortel også at når Jørn var på kyrkjeveg og høyrde klokkene, tok han av seg hatten og bukka mot kyrkja!

Før Åsskard fekk eiga kyrkje, høyrde folket her til nabosokna Halsa, Stangvik, Øye og Ranes. Men i 1876 kunne dei feire gudstenste heime og gjorde det til gagns: Søndag 26. november gjekk 167 til nattverd her!

Jubileumslogo for Åsskard kyrkje med kvit kyrkje mot grøn sirkel og teksten 150 år 1876–2026.
Grafikar Terje Holm har laga denne logoen som gåve til jubilanten. Den vil prege mange samlingar gjennom året.

- Høre oss te!

Vedvarande innsats har prega historia. Innvendig fornying på 1930-talet og tilbygg (Kyrkjestua) i 1960 kravde sitt. Med dugnad og gjevarånd har folk skaffa inventar, altarutstyr, dukar, lys og strøm, tre orgel (1932, 1952 og 1982), piano, lydanlegg og mykje anna. Alt vitnar om eit kjært forhold til gudshuset. Som lastebilsjåføren sa da han leverte ein 500-lapp til orgelinnsamlinga:

– For kjerkjå er noko som høre-oss te!

Her har livets faser, inn- og utgang, fått naturleg uttrykk gjennom dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Mykje er gjort med kyrkjegardane ute, og i november 2023 vart Åsskardvågen gravsted vigsla.

Lokalstyrte tiltak

Soknerådet står for demokratisk styring av lokalkyrkja. Sentralt blant rettar og plikter er tiltak for dei unge. Da kan kyrkjebygget -og i Åsskard den praktiske Kyrkjestua – vera arena for livlege kyrkjekveldar, påske- og juleverksted, konfirmantsamver og treff. Og så kyrkjekaffen da - eit ypperleg forum for sosialt fellesskap etter alle arrangment i kyrkja.

Mange jubileumsarrangement

Gjennom heile 2026 blir det mange høve til å feire kyrkjejubileet. Først er det Kyrkjesongkveld 18. februar – med allsong, kor og solistar (Gunhild Marie Täringskog og Turid Røen Kroknes). Gudstenester, aktivitetskveldar, hobbytreff og musikktiltak er på ymse måtar ledd i feiringa. Laurdag 25. april blir det jubileumsbasar på Bøfjorden Grendahus. Kulturkvelden «Jonsvaka» 19. juni byr på historikk, tablå og konsert.

Så langt om første halvdel av jubileumsåret. Og hausthalvåret følgjer opp.

Prest snakker med barn som står rundt et bord med leker inne i kirken
Preika i gudstenesta kan gjerast levande på mange måtar.
Stor gruppe barn og voksne sitter rundt et langbord i en trehytte og spiser sammen.
Hobbykveld i Kyrkjestua: Avslutning med god mat.
Powered by Labrador CMS