ANNONSE:

Allsidig kulturdag i Skulstuå, - med både åndeleg og fysisk føde
Laurdag 30.august kl.13.00 inviterer Skulstuå i Todalen til eit interessant foredrag der Rannveig Eikrem fortel om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse (f.1858 – d.1939). Han var engasjert på mange områder i musikk- og kulturliv lokalt, arrangør, komponist og debattant i musikkspørsmål nasjonalt. Men mest av alt var han Nordmøres første store innsamlar av folketonar. No skal samlinga etter Kristian endeleg givast ut.

Rannveig Eikrem er musikkolog med master i musikkvitenskap frå NTNU og jobbar med bok om Halse og transkribering av dei over 200 folketonane som har vore gjømt i skuffa.
Kva musikk samla Halse inn og kva rolle har han spela i musikkhistorien på Nordmøre?
Dette er noko av det vi får svar på i Skulstuå i Todalen, i bygget som og var heimen til Kristian Halse med familie frå 1897 til 1920.

Utstillinga FISK har stått sidan midten av mai og er sett av over 200 kunstinteresserte publikummarar så langt! Utstillinga er framleis opa og kunstnaren Ingvar Ortega Redalen på 12 år, har fylt på med nye og framifrå teiknar av fargerike fiskar av alle slag.

Frå kl.14.00 blir det sal av ei god suppe ala Roaldset og rykande fersk loff ala Austigarden. Det blir og sal av kaffi, gode kaker samt kakao med krem for dei minste:)
Program 30.august 2025
Kl.13.00
· Rannveig Eikrem held foredrag om lærar og kyrkjesongar Kristian Halse
Kl.14.00
· Utstillinga FISK med supplering av nye teikningar av kunstarten Ingvard Ortega Redalen
· Sal av suppe, kaffi, kaker og kakao
Arrangementet er gratis og alle er hjarteleg velkomne!