Arena Gammelfabrikken:

Gruppe mennesker poserer i lounge med jaktdekor og store vinduer i bakgrunnen
Songarane i P17 gler seg til å synge i desse lokala.

Syng med oss - og litt til

Den gamle Talgø-fabrikken i Todalen er ein makelaus arena. Onsdag får du oppleva både den unike historia og ein frodig songkveld her.

Publisert Sist oppdatert

Først guidar John Moe ei vandring gjennom bygget der Tore Talgø og kona Thora starta det livskraftige møbelkonsernet i 1899. Hans kunnskap om framdrifta og persongalleriet er verdt ein todalstur åleine.

Mann viser frem stor plakat med gammelt kvinneportrett i et møblert rom.
Thora Talgø fortener like mykje ros som hennar dyktige Tore, seier John Moe. – Ho var gründer, barnemor, administrator og stabsvertinne i fabrikkmiljøet som vaks fram for over hundre år sia.

Velhalden

Attåt blir du fascinert av kor vedlikehalden Gammelfabrikken er - med alt frå historiske møblar og museumsavdeling til fotomontasjar og jakt-trofé. Autentiske Talgø-produkt prydar romma – nokre av dei møysameleg henta tilbake til byggestaden.

Historisk soverom med stor utskåret dobbeltseng og veggdekor.
Denne flotte senga er eit tidleg Talgø-produkt, no skaffa tilbake frå ein eigar lenger inne i landet.

Songskatt og ønskekonsert

Som onsdagskveldens hovudprogram inviterer koret P17 til «Syng-med-oss». Her får alle delta og synge kjente og kjære melodiar - både frå Ønskekonserten og skulesongboka.

- Både erfaring og forsking garanterer at songskatten er ei gullgruve til trivsel og sunnhet, seier arrangørane. 

- Å synge er rett og slett helsebringande på alle vis!

Frå allsongarket kan publikum bestemme sin eigen «ønskekonsert». Og koret sjøl lovar godbitar frå sitt allsidige forråd.

Fire personer i museumstue foran stor Talgo-vegg med historiske bilder.
Todalingane i koret – her guide John Moe (frå venstre), Einar Husby, Borghild Talgø og May Elisabeth Holten. Onsdag blir også Øystein Moe med.

Setersongar og Skomvær-vals

- Noko er svært så lokalt, fortel leiar Bernt Bøe. 

- Da «Seterbok for Todalen» kom ut i 1999, framførte vi ein heil kabaret med songar og scenestoff frå seterlivet her. Og utdrag frå denne blir å høre!

Elles står både slagerstoff som «Skomværvalsen» og «Minnenes melodi», folkesongar og litt kyrkjemusikk på korprogrammet.

Kaffe og utlodning

P17 sørgjer også for ei smakfull kaffestund. Og alle får støtte musikkarbeidet gjennom ei utlodning i pausen.

Vel ligg Gammelfabrikken utafor sentrum. Men nettopp difor kan omvisninga og songprogrammet denne onsdagskvelden bli ei fin - og annleis - oppleving.

Powered by Labrador CMS