Jonsvaka - med folkemusikk:

Opnar ei skattkiste
Sia 1982 har Åsskard feira Jonsvaka. Fredag 20. juni er det folkemusikkveld - med Runa Kvalsund, kor og instrument.
- Eg har plukka fram godbitar etter fine tradisjonsberarar på Nordmøre, fortel Runa – som er nyutdanna «folkesongar».
Kjelder bak songane er Marit Sivertsdatter Glærem, Magnhild Almhjell, Christen Bruseth, John Røen, Erik Ansnes og mange andre.

På «gammelmåten»
– Det blir yndige - og dramatiske - viser, salmetonar og kanskje kringehauk og «trallating», seier Runa, som også vil fortelje om kjeldene sine og om korleis folketonane har vorte forma opp gjennom tida.
Gjennom grundig studium i faget formidlar ho stoffet på «gammelmåten».

Samlarane Kristian Halse (1858-1939) og Edvard Bræin (1887-1957), som såg verdien av folkemusikken og skreiv ned over tusen songar og slåttar, betyr mykje i eit slikt program.


Allsidig og ukjent
Koret Prosjekt 17 har henta lokale og utanlandske folketonar. Forsamlinga deltek i allsong - frå Halsa, Osmarka, Sverige og Russland. Tove Elin Strand spelar fløyte.

Kjenner du dramaet bak «Fenstadvisa»? Korleis var «Julverset» bruka? Og kva er linken mellom Gjendine Slaaliens «Baadnlaat» og arrangørkoret Prosjekt 17? Svar blir røpa på konserten.

Todalsk folketonemesse
Kor og instrument framfører «Folketonemesse frå Todalen». Her brukar Bernt Bøe salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter Hallvard Ørsal som «akkomapgnement» til sine eigne melodiar over gudstenesteledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. (Messa markerer såleis også 150-årsjubileet for Hallvard Spellmann!)

Gjeninnført høgtid
Sankt Hans, 24. juni, var kyrkjeleg høgtidsdag til 1770. Kvelden før var det tidebøn («vaka» - jonsok, jonsvaka, dialekt «jensuku»). Bålbrenning og andre førkristne skikkar var fletta inn i feiringa.
I 1982 «gjeninnførte» Åsskard sokn Jonsvaka som kyrkjeleg kulturkveld, med hovudvekt på midnattskonsert attåt andre kulturinnslag - og sosial kaffestund.
Kor og profesjonelle musikarar har alltid prega programma – med stor variasjon: Frå gregoriansk til moderne, frå klassisk til – som no – folkemusikk.
Kulturkveld i tre bolkar
Etter vanleg mønster blir Jonsvaka tre-delt: Klokka 21 startar ein med biletkåseri om folkemusikk og toneskaparar. Etter eit sosialt kaffesamver ringer klokkene inn til konserten «Folkemusikkens skattkiste».
Kveldens billett inkluderer både kåseri, kaffe og konsert.
Velkomne til ein rikhaldig kulturkveld!
ANNONSE:
