ANNONSE: Surnadal kommune

Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai
Historielaga, Forsvarsforeninga og kommunen har i samarbeid laga eit fint program for årets markeringar ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen.
Program
Den 8. mai feirar vi frigjerings- og veterandagen. Denne dagen markerer datoen dei tyske militære styrkene kapitulerte i 1945, og Norge vart fritt etter fem år med okkupasjon. Dagen er dedikert til både å markere Norges fridom, samt å heidre våre veteranar.
Under kommunestyremøtet 8. mai vil ordførar ha ei lita markering.
På runden på ettermiddagen blir det dikt og musikkinnslag, tale ved ordførar og kransepålegging ved bautaene til minne om dei tre av våre som mista livet da krigen braut ut. Harald Moen frå Forsvaret deltek også.
Markeringane ved dei ulike bautaene den 8. mai skjer til desse tidene:
- Åskard kyrkje: kl 17.00 (Gunnar P. Bøe)
- Stangvik kyrkje: kl 18.30 (Halvor Røen)
- Todalen kyrkje: kl 20.00 (Anton Husby)

Se fullstendig artikkel på Surnadal kommune sine hjemmesider