Skipper Bekken på museet:

En mann står på dekk ved en liten fiskebåt med trepaneler og redningsbøye ved kai.
Skipper og søndagskåsør Odd Ragnar Bekken ombord på si kjære «Skjellfjord».

Skuter og skrog

Med skuta «Skjellfjord» tek Odd Ragnar Bekken vare på umisteleg skipskultur. Søndag deler han ein rik tradisjon med gjestane på museet i Bøfjorden.

Publisert

Odd Ragnar har sjø og båt i blodet. Faren Hermann dreiv sildefske og reketråling med skøyta «Brødrene». Morfar Ola bygde klinkabåtar, men hadde også fortid i skutefaget

En liten båt ligger ved en steinete kyst med skog og en liten bygning på klippen.
Med hekkskøyta «Brødrene» deltok far Hermann Bekken både i landnotfiske etter sild og i reketråling ute i fjordane.
Stor trebåt skyves på skinner av flere menn i et verksted.
Morfaren Ola Bøklepp (nedst til høgre) bygde mange klinkabåtar. Her siste sjøsetting frå Skoglundnaustet - i 1970.

Opplevingar og oppgåver

Som pensjonert industriarbeidar dyrkar Odd Ragnar til fulle si interesse for båt og fiske. Hundre år gamle «Skjellfjord» skaffar han både opplevingar og oppgåver. I det siste har tid og midlar gått med til fornying av skroget, noko han viser på museet søndag. Du får vite kva kalfatring, klink og kravell er for noko!

Skadet båtdekk med vrakrester, verktøy og en bøtte ved en vegg merket Skjellfjord.
Ny plank og rikeleg med høvelspon vitnar om mykje vedlikehaldsarbeid på «Skjellfjord» og om godt handverk av eigaren.

Nabo til museet

Heime på «Flisespikkeriet» har han laga skilt til Bøfjorden Sjøbruksmuseum og andre bygningar. Motorinteressa slår igjennom når Sabb-motoren tøffar ved museet.

To menn ser på en gammel maskin ved en rød bod utendørs.
Den klassiske båtmotoren Sabb hører med til sjømiljøet i Bøfjorden. Her er Odd Ragnar motorpassar saman med museets «maskinist» Anders Vaagland..

Slagferdig kåsør

Som tidlegare trommis i «Trollheimsbrass» er Odd Ragnar meir «slagferdig» enn dei fleste - i dobbel forstand. Både hans muntre replikk og handtering av skipsplank og drevjarn er nok bestefarsarv frå Bølandet.

Flere gamle håndverktøy i metall ligger på et slitt trebord i treverk.
Kva er faguttrykket for å «drive» dekksplank? Dette og mykje anna hører du i programmet.

Det kan bli ei artig og lærerik temastund på sjøbruksmuseet søndag - under tittelen «Skuter, skrog og liv ombord».

Kjøkenet har kaffe og ymse attåt – også til den som deltek i Blåfjelløpet denne dagen!

Annonse:


Powered by Labrador CMS