Apotekhistoria:

Mann sitter og holder en bok om apotekshistorie med illustrert bokomslag.
Sjøbruksmuseet søndag: Kristen Halle opnar den fascinerande apotekhistoria, som han har samla i bokform.

Medisinsk på museet

Helsebringande apotekhistorie er tema på museet i Bøfjorden komande søndag. Til grunn ligg boka «Surnadals apotek 1925-2025» av dagens kåsør Kristen Halle.

Publisert

Saman med kona, farmasøyt Anne Grete Flo, bur Kristen på «Apoteket» ved Surnadalsøra - som vart starta i 1925 og var einaste apotek på indre Nordmøre heilt til 1954. I 1987 flytta utsalget til Skei. I dag, som Boots Apotek Surnadal, ligg det på butikksenteret Alti. Og der jobbar no tredje generasjon Flo. Bestefar Rolf starta i Apotekargarden for 60 år sia.

Imponerande

Kristen og familien har teke vare på historia - både fysisk, med sitt «medisinske museum» på loftet, og med eit imponerande arkivarbeid som resulterte i ei fascinerande bok. 

Filialar

Eit aktuelt og artig moment er korleis butikkar i bygdene rundt Surnadal fekk medisinutsalg, som små «filialar» av Surnadal Apotek. I Bøfjorden galdt dette Orsetbua like ved museet, der Karen og Anton Orset fekk høgtideleg løyve i 1957.

Vår felles kvardagshelse

Kva apoteket har betydd for folk si helse i desse hundre åra, er uvurderleg. Det er vår felles kvardagshelse det handlar om. Difor blir det interessant for mange å få levande tilbakeblikk på denne historia, slik Kristen og familien kan formidle den.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS