17.-19. juli

Gruppe personer sitter og står ved en kai med fjell og vann i bakgrunnen.
Arbeidsgruppa har det meste klart til Bøfjordhelga. Frå venstre Liv Hoås, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, Randi Bøe, Morten Kr. Berg, Inge Dønheim, Odd Ragnar Bekken, Arnt Kjetil Bøe og Terje Endresen.

Bøfjordhelga tek form

Nytt fjøs, fotball, quiz, loppis, kunst, veterankjørety, handverk, barneleik, riding, fjordliv, pubkveld, bacalao og rovdyrminne: Bøfjordhelga i juli blir rik på opplevingar.

Med Bøfjorden Historielag som motor skuvar mange lag, bedrifter og ressurspersonar på. Noko er enno under utforming, men historielaget nemner alt no mykje ein byr fram.

Nyfjøs, fotball og quiz

Fredag er det først opning av spilder nytt , moderne fjøs i Søgarden på Bø. Om kvelden møtest Bøfjord og Halsa til fotballkamp Leikarvollen. Så inviterer Elvanesset Restaurant til spennande quiz.

ANNONSE:

Illustrert plakat for fotballkamp mellom Bøfjord og Halsa på Leikarvollen stadion 17.07.2026.

Rik laurdagsmeny

Laurdag rullar veterankjøretya opp ved Kveldheim - der ein også får kjøpt mat. Marita byr på ponnyriding. Gammelskulen har loppis.

To klassiske veteranbiler, en blå og en rød, står parkert på en grasbakke med folk og flere biler i bakgrunnen.
Veterankjørety inntek ekra attmed Kveldheim – som her for to år sia.

Ilabukta med hamna, Bua og Saga blir arena for mange opplevingar. På Saga kjøper ein kaffe og kan få innsyn i gamle dagars produksjon av eksportkassar for kleppfisk. «Elias-kjøring» på hamna er planlagt for ungane - attåt spennande konkurransar. Tauhespe-kast blir ei artig tevling.

En redningsbåt ved en brygge med barn om bord og voksne i nærheten.
Å få kjøre «Elias» er artig!

Tønner, knop og kunst

På lista over handverk og maritim teknikk står bøkker Tor Fjærli som lagar tønner medan andre viser skipsknutar (knop) og «kalfatring». (Lurar du på kva det er, så kom og sjå!) Skuta «Skjellfjord» med skipper Bekken blir der - forhåpentleg i lag med fleire fjordafarty. Biletkunstnarane Eli Orset og Inga Dalsegg har meldt si deltaking. Vakker kunst blir å sjå og få kjøpt!

Laurdagen sluttar med pubkveld og musikk på Buakaia.

Bacalao og drama på museet

Søndag 19. juli er det bacalaomiddag, kaffe, utstilling av klinkabåtar og dramatisk «Dagens Tema» på Sjøbruksmuseet.

Det er no 250 år sia Skyttar-Tølløv skaut Mannbjønnen og Bjønnastøtta dermed 100 år. Dette får ei sterk framstilling - med ferske fakta: Kven frå bygda var med Tølløv på bjørnejakt? Og du får sjå korleis Tølløv støypte sølvkula som felte Mannbjønnen! Programmet er krydra med nifs folketru og rystande sitat.

- Altså ei storhelg tre dagar til ende, med litt av kvart for alle på programmet, seier arrangørane.


Ei utlodninga går heile helga, med trekning på museet søndag.

Powered by Labrador CMS