Leve allsongen!
Mykje tyder på ein ny vår for allsongboka. Både teater, kor og foreiningar inviterer: - Syng i lag!
Altfor
lenge har songskatten vore nedprioritert i skule og samfunn.
– Dette krev mottiltak, seier songarane i Prosjekt 17.
- Allsongen skal få utfalde seg på vårsongfesten i Bøfjorden søndag!
Der skal kjære skuleviser, lokale kabaretutdrag og endatil arier frå kjende operaer utffylle kvarandre.
«Mads Berg»
Arrangørkoret har bladd i gamle Mads Bergs «Skolesangbok» og henta eit 20-tal perler frå allsongens gullalder.
- Forsamlinga i salen er ein stor musikalsk resurs, seier koristane i P-17.
- Her skal dei få høve til å utfalde seg.
Opera
Dette er også søndagens operateam, Maria Nohr, Sigrid Bøe og Turid Kroknes opptekne av. Saman med pianist Hedda Hansen Berg utfyller dei programmet med glitrande operakunst.
![Demenskoret HeimKlang er bidragsytar på kaffekonserten Sangkor sitter og synger](https://image.trollheimsporten.no/284405.webp?imageId=284405&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=500&format=jpg)
Songen blir i minnet
Verdien av vår umistelege songskatt er deltakarkoret HeimKlang (tildegare Halsa Demenskor) eit levande bevis på. Om mykje anna går i glømmeboka, lever songen vidare i friskt minne.
Bellman, seterkabaret og Wichmann
Når koret P-17 også syng Bellman og lokale kabaretutdrag, er allsongen og Mads Berg er i godt selskap på Bøfjorden grendahus søndag ettermiddag.
![P17 syng utdrag frå «Seterkabaret» og «Med segl og Wichmann» av Bernt Bøe – no utgjevne i hefteform. Mann sittende med sanghefter](https://image.trollheimsporten.no/284407.webp?imageId=284407&width=960&height=654&format=jpg)
Treffet, som startar klokka 16, har gratis inngang. Men ein kan kjøpe både kaffe og lodd til inntekt for dagens gode og viktige sak: Songen!