kirkekonsert

Kvilepuls-konsert med Blæst`n

Blæst`n inviterte til haustkonsert i Rindal Kyrkje laurdag. Dei lova kvilepuls og held lovnaden med sedvanleg Blæst`n- kvalitet. For sjølv om nokre låtar var up-tempo, så trur eg dei frammøtte fekk roa over seg og lente seg godt attende og berre tok inn tonane frå korpset.

Publisert

Håkon Fredriksen frå Rindal Kommune, ønska oss velkommen på vegne av Blæst`n og Tid til å leve, som var med å støtte konserten. Blæst`n hadde sett saman eit variert program med låter alt frå verdskjente artistar til meir heimlege artistar/komponistar som Erik Bye og Margrete Munthe. Vi fekk òg oppleva noko så sjeldsynt som ein solist på wood-block! Magne Lillegård var sjølve urverket i låta «Syncopated Clock», ei låt skrive av Leroy Anderson. Det lèt fint! Dirigent Olav Morten Tørset var òg solist på låtane «Trollheim» og «Domen». Her beviste han nok ein gong at han er ein trompetist av høg klasse!

kirkekonsert
Håkon Fredriksen ønsker velkommen på vegne av Blæstn og Tid til å leve.

Omtrent midt i konserten var det klart for gjesteartist Lone Lorgen. Det var eit fint gjensyn, då, som ho sjølv sa; 

– Ei stund sidan eg har opptredd offenleg, så eg er spent! 

Ikkje noko grunn til å vere spent, Lone, det lèt heilt fenomenalt bra! Med si vare stemme framførte ho to svenske låter og vi får berre håpe at vi får høyre ho snart att!

person med gitar i midtgang i kirke
Gjesteartist Lone Lorgen bidro med to låter på svensk. Nydeleg.
mann spiller trompet foran publikum i kirke
Dirigent Olav Morten Tørset var òg solist på nokre låter. Meget solid trompet-spel.

Takk til Blæst`n for ein flott konsert som varma denne litt sure haustkvelden! Eg trur at dei rundt 30 som kom, kjem att neste gong, og aller helst dobbelt så mange for det fortener Blæst`n som har gleda oss i 47 år!

Powered by Labrador CMS