ANNONSE:
Konserter med Tordenskjold Songlag
Torsdag 30. april kl. 1900 inviterer Tordenskjold Songlag til konsert i Todalen ungdomshus.
Konserten har ein rosa tråd, der temaet er songar om kjærleik. På repertoaret står songar av mellom andre Pink Floyd, Sting, Elton John, Vamp, Bob Dylan, Beatles og fleire.
Dirigent for Tordenskjold Songlag er Elin Persson, og til konserten i Todalen har dei også fått med seg Hedda Hansen Berg på piano, Tore Settemsdal på gitar og Per Jarle Riksheim på munnspel.
Det blir soloinnslag med Carla Van Buggenum. Ho vil også synge duett med Jens Settemsdal, samt duett med Grete Ingunn Krogstadnes og Per Jarle Riksheim.
Det blir kaffepause med mykje godt attåt og loddsal.
Onsdag 6. mai er det Bæverhall som får besøk av Tordenskjold Songlag!
Tordenskjold Songlag gler seg til desse konsertene og ønsker alle velkomne!