Surnadal IL alpin, kretsrenn:

Maja Mogstad held stor fart i slalomrennet.

Mykje talent og idrettsglede i bakken under Sæterliarennet

Publisert

Laurdag gjekk første del av Sæterliarennet av stabelen, og det vart konkurrert i klassane U12,U14 og U16. Rennet er eit kretsrenn i Sør-Trøndelag skikrets, som i tillegg til Surnadal IL alpin, består av Oppdal alpin og Freidig Alpin. Heile 89 deltakarar var påmeldt til slalomrennet på laurdag. Søndag var det klar for storslalom for dei same klassane, og i tillegg var det superslalom for klassen U10 og yngre, kor det var heile 49 påmeldte. Dei eldste klassane køyrde frå to ulike punkt i Jopilen, med målgang nedom mast sju.

Jarand Husby Haugen (U16) i stor fart mot mål nedom Jopilen.
Magrethe Mogstad (U12) i full fart ut frå start.

Sæterliarennet er eit stort idrettsarrengement og ein sosial happening med mykje trivsel utanom løypene også. Laurdag kveld var meir enn 130 samla til tacokveld på hotellet, og i bakken blir det tid til bakelseting, kaffepausar og skravling.

Dagny, Tomas, Aiden og Sam frå Freidig kosa seg veldig, og tykkjer det er stas å vere på renn i Sæterlia.
Selma og Ida smilte lurt på spørsmålet om dei var nøgd med eigen innsats.

U10 og yngre hadde søndag fått stukke løype lenger ned i trassen og hadde målgang ved heisen. Og sjølv om dagen var våt og grå, var det ikkje noko å utsette på innsatsen.

Tilla Holten Aasbø (U9) kom seg gjennom alle portane og i mål.
Det aller beste med klassane U10 og yngre er at alle er på førsteplass. Her er alle vinnarane i U9.

Sæterlia er ein lang og flott trasse, og veldig veleigna til kretsrenn. Snø er absolutt must for å arrangere skirenn, og snøfallet i forkant var veldig raust. Det gjorde det ekstra utfordrande å førebu renn, og det var stille i Sæterlia berre mellom 02.00 og 06.00 natt til laurdag.

Eit så stort arrangement er ein kjempedugnad gjennomført av frivillige. Her var det mage foreldre og besteforeldre i sving for at det skulle gå mest muleg på skinner. Her trongst det folk til å stikke løyper, holde orden på løyper, startarar, kioskvakter, kakebakarar, bakelssteikarar, grautkokarar tidtakarar, portvakter, speakers og mange andre oppgåver. Det gjekk som eit velsmurt maskineri. Vel blåst!

Det vart lagt ned mykje arbeid med å halde løypa i orden, så forholda er like for alle.
I speakerbua: Liv Jorun, Per Olav og Janne held styr på tida.
Bakels og graut og gode kaker gjekk unna i store mengder.

Bildeserie (Trykk på piltastene for mange flotte bilder)

Alle bilder: Lisa Forslund

Resultater:

U12-U16

SL GS U12-U16 - klikk på bildet for stort format
Powered by Labrador CMS