ANNONSE: Allehelgensdag 2. november:
Lys i det vemodige
Søndag er det allehelgensgudstenester i kyrkjene. Midt i vemodige minne om dei vi har mista, tenner vi lys for håpet.
Mange kyrkjer i Surnadal er opne ei tid før den oppsette gudstenesta. Der er det høve til stillhet og ettertanke og lystenning både på kyrkjegarden og i lysgloben inne.
Dette gjeld:
Stangvik (gudsteneste kl. 16; open frå 14.00)
Åsskard (gudsteneste 17.00, open frå 16.00)
Todalen (gudsteneste 19.30, open frå 18.30)
Mo (gudsteneste 19.30, open frå 19.00)
Kyrkjekaffe
Ranes kyrkje har allehelgensgudsteneste kl. 11 og er open etterpå. Både her og i Stangvik, Åsskard og Todalen er det kyrkjekaffe og sosialt samver etter messeslutt.
Somme stader blir det også spela høveleg orgelmusikk under lystenninga.
Tradisjon med samla innhald
Vår allehelgensfeiring tek opp i seg to gamle høgtidsdagar: Ein for alle heilage utan eigen minnedag («Helgemesse», 1. november) og «Alle sjelers dag», opprinneleg 2. november.
Tradisjonen med å kombinere innhaldet i desse dagane har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgens har vorte ei varm og viktig høgtid i kyrkjene våre, dagen da vi minnest våre kjære, særleg dei som har gått bort siste året.
For alle
Dette er heile kyrkjelyden si gudsteneste. Slik kan alle, også utan spesiell invitasjon, få minnast venner og kjende som har gått bort.
Samtidig som dette er ein vemodets dag ved saknet av dei vi har mista, legg kyrkja til rette for at lyset og håpet skal skine.