Stor frokostsamling med folk rundt dekkede bord i en sal under nasjonaldagsfeiring.
Todalen Idrettslag inviterte til nasjonaldagsfrukost

Tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Todalen

I Todalen har det vore tradisjon med biltog sidan 1950-talet, ein tradisjon som også i år starta sjølve nasjonaldagsfeiringa.

Publisert Sist oppdatert

Biltoget hadde start ved Matkroken Todalen, gjekk oppover på nordsida og opp til gammalfabrikken i Brusetmarka.

Biler kjører på vei gjennom Todalen med fjell, skog og åpne jorder.
Biltog har det vore i Todalen sidan 1950-talet.

Her var det ein liten pause for dei knapt seksti køyretøya, før turen gjekk på sørsida nedover bygda og til Todalen ungdomshus.

Film: BG Ansnes

Todalen Idrettslag inviterte til nasjonaldagsfrukost 

Todalen Idrettslag inviterte, også i tradisjon tru, til nasjonalfrukost i Todalen ungdomshus rett etter biltoget.

Leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø, ønskte rundt hundre betalande velkomne til nasjonaldagsfrukost.

Her vart det servert kaldtbord med mykje godt pålegg, salatar og sjølvsagt mange forskjellege sortar varme og kalde drikkar.

Leikar for store og små 

Etter frukosten, og før det vart servert kaffe og kaker, var det leikar for både store og små. Her var det potetløp og kast på boksar for dei minste, men dei vaksne testa musklane sine gjennom taudraging.

Flere personer trekker i et tau på en grusplass foran en rød bygning med fjell bak.
Dei vaksne testa musklane med taudraging.

Det var også mogleg å teste balansen på stylter.

En mann med krykker står på en grusplass foran et rødt hus, med flere personer i bakgrunnen.
Endre Talgø, leiar i Todalen IL, prøvde seg på styltene, og han kunne konstatere at han ikkje hadde gløymt «gamle kunster».

Til slutt på programmet under frukosten i ungdomshuset, stod servering av kaffe og kaker.

Avslutta med høgtidsgudsteneste 

Nasjonaldagsfeiringa i vart avslutta med høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje. 

Det var Todalen Sokneråd som inviterte til høgtidsgudstenesta.

Powered by Labrador CMS