Nordvikgardingane feira nasjonaldagen på tradisjonelt vis
Også på Nordvik feira dei nasjonaldagen på tradisjonelt vis, i Nordvik forsamlingshus med knapt sytti gjestar.
Komitéleiar Ola Magne Nordvik ønskte alle velkommen, før han gav ordet til Arne Drøpping, med familieband til Nordvik, som helt årets tale for dagen.
Tale til ettertanke
Drøpping tok i sin tale opp kva hat og hemn kan føre til for demokratiet, og da med utgangspunkt i det som skjedde på Balkan i 1984.
Han tok også for seg ordet «hat-retorikk», eit ord Drøpping meinte at «hat-retorikk» er mest brukt på Facebook, men også i andre sosiale media. Drøpping meinte at «hat-retorikk» rett og slett er livsfarleg.
I eit kvart demokrati er det viktig med meiningar, og ulike meiningar, men korleis ueinigheiter og korleis debatten går føre seg er ikkje likegyldig.
Han kom også litt inn på kva som har skjedd med det som blir kalla verdas største demokrati, USA, og da spesielt det som har skjedd etter at kongressen vart storma i 2021.
Til slutt understreka Drøpping at demokrati ikkje er noko sjølvsagt, men noko ein må bry seg om, og at vi i den samanhengen treng 17. mai.
Serverte middag
Etter talen vart det servert sodd med loff og saft.
Quiz
Etter maten og før folk flytta seg bort på Øygaden for leikar, salg av brus, is og loddsalg, vart alle som ville vere med på quiz delt opp i åtte lag. Da resultatliste vart kunngjort viste det seg at ingen hadde svart riktig på alle spørsmåla, men vinnarlaget vart kåra og fekk overrekt premie.
Leikar på Øygarden
Etter quizen flytta folk seg til Øygarden stadion. Her var det styltgåing, potetløp og andre leikar for dei yngste.
Her vart det også selt brus, is og lodd.
Det heile vart avslutta med kaffe og kaker
Siste post på programmet også i år var kaffe og kaker. Her var det eit stort kakebord med mange forskjellege kaker, så her var det noko for ein kvar smak.