barn med bunad og finklede på scene
Skuleelevane hadde fine songinnslag på scena i Bøfjorden Grendahus.

Syttande-glimt frå Åsskard

Nasjonaldagen i Åsskard har fleire lokale arrangørar. I sum skapte dei også i år eit rikhaldig 17. mai-program.

Publisert

I Bøverfjorden var skulen sentrum for familiesamling, variert barneprogram og tog med små og store.

Belagrenda har eit særprega opplegg. Ved frukosten på Bele Gard heldt Magne Sollid ein flott tale for dagen. Derifrå var det tog langs hovudvegen til gudstenesta i Åsskard kyrkje.

Appell ved bautaen

Sokneprest Winsnes leia gudstenesta. I preika si poengterte han ordet «vi» som grunnlag for både fedreland og kyrkjefellesskap.

Etter gudstenesta heldt Sondre Bøe ein god tale og la ned krans ved soldatbautaen over sin slektning Gunnar P. Bøe, som fall i slaget ved Gratangen i 1940. – Vi må ikkje bli historielause. Fred og frihet er ikkje ei sjølvfølge, men har sin pris, sa Sondre og uttrykte takk for Gunnar sitt offer. – No er det vårt ansvar å bera arven vidare og verne om demokrati, rettferd og fellesskap!

mann og to gutter i dress med stort norsk flagg ved soldatbauta.
Sondre Bøe hadde ein flott appell ved soldatbautaen. Med flagga står Aasbø-brørne Harald og Vegard (nærast).

Kortesje og tog i Bøfjorden

Bøfjordingane starta dagen med bilkortesje - der flaggpryda veterankjørety og nyare bilar, mopedar og traktorar laga eit særprega 17. mai-tog.

Etter gudstenesta i kyrkja gjekk det «vanleg» tog frå Bøfjorden Barnehage over brua til Bølandet. Hovudsamlinga på grendahuset baud på matservering og eit underhaldande kulturprogram.

Dei yngste imponerte

Her imponerte dei unge kreftene - som Bøfjorden er rikt velsigna med. Skule- og barnehageborn, med dyktige vaksne leiarar, hadde flotte songinnslag både felles og med solistar.

Programmet innheldt to talar for dagen – begge ved unge talent: Først heldt Tuva Sættem Haarstad ein kort og velforma «Barnas tale». I sjølve festtalen imponerte konfirmantane Emilie Riksheim og Syver Vetleseter Melling med flott utforming og tankevekkande innhald.

gutt med skjorte og jente i bunad foran fane bilde og tekst om bøfjorden
Konfirmantane Syver og Emilie attmed Bøfjord-fana etter å ha framført sin gode 17. mai-tale.

Populær pris til teaterlaget

Eit årleg høgdepunkt på 17. mai-festen i Bøfjorden er tildelinga av historielagets «Trollbakkpris». Som vanleg var spenninga stor før vinnaren vart kunngjort - og applausen tilsvarande sterk da juryleiinga utropa Bøfjorden Teaterlag til vinnar for 2025.

Heilt frå 1990-talet har teaterlaget samla fulle hus ved sine forestillingar før påske nesten annakvart år. Under utdelinga humra publikum over kavalkaden av revytitlar som «Skakkåskyldt», «Åfåttarbeid» og «Strunk og strakjin».

Powered by Labrador CMS