17.mai tog over Bøbrua
Festtog over Bøbrua, med tilskuarar i båtar på fjorden.

17. mai i Bøfjorden

Publisert Sist oppdatert

I Bøfjorden gikk festtoget over Bøbrua. Odd Ragnar Bekken med hybridskuta «Vildanden» helsa toget med kanonsalutt frå dekket. Imponerande var synkronstupinga frå ripa på ein annan fritidsbåt i sundet.

Bilkortesje
Bilkortesje rundt heile Bøfjorden med mange deltakarar - her på Bølandet, anført av Arnt Kjetil Bøe med sin Taunus veteranbil.

På festen i Bøfjorden Grendhus sjarmerte ungane frå Oppvekstsenteret med friske songinnslag. Tor Rovik heldt festtalen - med grundig historikk om grunnlova og grunnlovsdagen. 

Mann i bunad holder festtale
Tor Rovik heldt festtalen - med grundig historikk om grunnlova og grunnlovsdagen
Barn synger fra scenen
Ungane frå Oppvekstsenteret med friske songinnslag.

Eit høgdepunkt på denne festen i Bøfjorden er alltid utdelinga av historielagets Trollbakkpris. Som takk for særleg bygdeinnsats gjekk prisen til butikkleiarane Geir og May Iren Hovde - til enorm applaus. Attåt diplom bestod prisen i ei symbolsk gåve: Ein bæresekk frå Sveiva i Halsa – med spekemat og drikke oppi.

Mann og dame med diplom og premiegave
Historielagets Trollbakkpris gjekk til butikkleiarane Geir og May Iren Hovde
Powered by Labrador CMS