Flott natur i Skrøådalen med fiskevann.
Skrøådalen er vel verd eit besøk, gjerne med telt og fiskestong.

Nyoppmerka rute gjennom Skrøådalen

Publisert Sist oppdatert

Skrøådalen er vel verd eit besøk

Det har vore merka turistline frå Vindøldalen til Trollheimshytta frå langt tilbake. No har merka vore omtrent borte ei tid, og Trondhjem Turistforening spurde etter om nokon var interessert i å overta denne roden. Og det var det. All merking, vardebygging og klopplegging blir gjort av frivillige. Det er ganske mange kilometer til saman over det ganske land.

Merket med rød T.
Flinke frivillige har sørga for tydeleg merking.

Akkurat denne ruta gjennom Skrøådalen var inngangen mot resten av Trollheimen frå Surnadalssida. No har Kristiansund og Nordmøre Turistforening hytta Vindølbu og eit rutenett frå Fjordruta som kryssar Surnadal med Hermannhytta på ei side av dalen og Setersetra og Vindølbu på Trollheimsida. Frå Vindølbu går det merka rute til Trollheimshytta og Snota. Slik er det no samanheng i rutenettet.

Ruta gjennom Skrøådalen er ei gammel ferdselsåre det er kjekt å halde i live, og den er no merka slik at det skal vere greit å finne fram mellom Kløftsetra fram til der denne ruta møter ruta frå Vindølbu.

Skrøådalen er vel verd eit besøk,-gjerne med telt og fiskestong.

(Fiskekort på www.inatur.no og vipps 699835).

Sau langs den merka løypa, i fin bjørkeskog.
Sau langs den merka løypa, i fin bjørkeskog.
Frå turstien gjennom Skrøådalen.
Fint landskap.
Fint for både to- og firbeinte å gå her.

God tur!

Powered by Labrador CMS