Ungdomspartia på besøk ved Surnadal vidaregåande skule i samband med at den fysiske skuleval-debatten ved skulen vart avlyst. Elevane ved skulen fekk sjå debatten frå Kristiansund, og valresultatet som vart publisert tysdag kveld viste klar seier til Arbeiderpartiet.

Arbeiderpartiet vann skulevalet ved Surnadal vidaregåande skule

Publisert

Hadde det vore opp til elevane ved Surnadal vidaregåande skule, hadde dei raudgrøne fått reint fleirtal ved Stortingsvalet 13. september.

I skulevalet ved skulen fekk nemleg Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti til saman 96 av 173 godkjente stemmer.

Aller størst oppslutning fekk Arbeiderpartiet, som fekk 49 stemmer - 28,3 prosent. Senterpartiet vart nest største parti med 30 stemmer (17,3 prosent), like framfor Fremskrittspartiet med 26 stemmer og 15 prosent.

Sosialistisk Venstreparti vart nummer fire i skulevalet med 17 stemmer og 9,8 prosents oppslutning.

Regjeringspartia Venstre, Høyre og KrF fekk henhaldsvis 13, 8 og 3 stemmer frå elevane ved Surnadal vidaregåande skule.

182 av dei 228 elevane ved skulen deltok i skulevalet, noko som gjev ei valdeltaking på 79,8 prosent. Ni elevar stemte blankt.

Den fysiske val-debatten ved skulen vart i år avlyst, grunna restriksjonar knytt til koronapandemien. Det vart i staden strøymt skulevaldebatt frå Kristiansund, som elevane fekk sjå.

Resultat frå skulevalet ved Surnadal VGS 7.9.21

Parti Stemmer (Prosent)

Arbeiderpartiet 49 (28,3%)

Senterpartiet 30 (17,3%)

Fremskrittspartiet 26 (15,0%)

Sosialistisk Venstreparti 17 (9,8%)

Venstre 13 (7,5%)

Høyre 8 (4,6%)

Pensjonistpartiet 8 (4,6%)

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 5 (2,9%)

Rødt 4 (2,3%)

Liberalistene 4 (2,3%)

Kristelig Folkeparti 3 (1,7%)

Demokratene 2 (1,2%)

Miljøpartiet De Grønne 1 (0,6%)

Helsepartiet 1 (0,6%)

Partiet De Kristne 1 (0,6%)

Partiet Sentrum 1 (0,6%)

Alliansen 0 (0,0%)

Industri- og Næringspartiet 0 (0,0%)

Blanke stemmer: 9

Powered by Labrador CMS