Pressemelding:

Gjenopning av Mo barnehage

Mo barnehage blir gjenopna frå i morgon, torsdag 24. september. Føresette og barn kan delta på fritidsaktivitetar og gå på jobb som normalt frå og med no, onsdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Med dette er samtlege avdelingar og trinn som fekk ei kort nedstenging eller overføring til fjernundervisning, opna opp att.

Vi ønskjer alle velkomne tilbake til kvardagen igjen.


Med vennleg helsing
Bjørn Buan
Kommuneoverlege

Powered by Labrador CMS