Artig å sjå at så mange kjem på medlemsmøta våre! Vel 60 stk møtte sist onsdag til tradisjonelt opplegg der temaet var Søvn, helse- og mestringsteknologi. Heidi Gravvold Sæter heldt eit svært interessant foredrag om dette emnet.
Vi fekk og eit glimt inn i den digitale verda på dette feltet med presentasjon av Somnofy søvnsensor. Dette instrumentet kan stå på nattbordet, registrere mangt anna i kva for ein søvnfase du er i, luftkvalitet, temperatur osv. Du kan sjølv bli ekspert på eigen søvn ved å få informasjonen bearbeidd og analysert.Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad
Tips til kva ein sjølv kan gjere for å betre søvnen.Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad
Allsongen ljoma riktig så godt da vi song «My bonnie is over the ocean».Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad
Praten gjekk livleg rundt borda under kaffipausen.Foto: Anne-Sissel Ulven Mogstad