Ny sesong i Taekwon-Do klubben:

Juniorpartiet på partiet i Surnadal torsdag kveld. Foran står dei tre som skal til EM. Det er frå venstre Una, Kristian og Aurora. Resten av gjengen ønsker dei lykke til med uttaket, og mage av dei på bildet skal delta på NM i Trondheim 6. og 7. november.

Tre frå Surnadal på landslaget i EM

Surnadal NTN Taekwon-Do klubb har rekordmange nye innmeldinger denne høsten. I tillegg har tre av medlemmene i klubben blitt tatt ut til EM på det norske landslaget i ITF Taekwon-Do. Ti prosent av landslaget frå Surnadal er litt artig.

Publisert Sist oppdatert

Det svingar bra om dagen. Klubben har no tre avdelingar. Ei i Surnadal, ei på Ålvundeid, og det nyaste tilskuddet er eit vaksenparti på Sunndalsøra. I tillegg er det linjefag på Nordmøre Folkehøgskule. Fleire velger også andre linjer på skulen fordi dei kan få trent i klubben å kveldstid.

Klubben har tilbod både for barn, ungdom og vaksne. I tillegg til dei ordinære treningane, er det konkurranstrening på søndagane, og ein time ekstra med kickboksing for den som ønker å vera med på det. Ein kan velge å vera med på det ein vil, men ein må vera medlem i klubben. Kickboksinga er det fleire dyktige gjestetrenarar som skal ha, i tillegg til Anders Braaten som er lærar på Nordmøre Folkehøgskule.

Artig med EM-uttak

Una Langeland, Aurora Berle og Kristian Gjersvold skal med til EM i Spania i slutten av november. I tillegg er Una med på eit digitalt VM i mønster. Gjengen gler seg til å kunne vera ute å konkurrere igjen etter eit slitsom covid- år. Korleis nivået er veit ingen, for alle har hatt problem med å få gjennomført treningane slik ein ønsker det siste året. Det er greiast med mønster der det ikkje er kontakt, men i sparring må ein ha ein motstander, eller medspelar, å trene med. Men det er ein optimistisk gjeng som skal på landslagssamling i oktober. Før EM er det også eit NM, og der reknar klubben med at dei vil stille med rundt 10 utøvarar.

Nybegynnar vaksne i Surnadal i aksjon under leiing av instruktør Tania Auglænd. Nokre viderekomne trener også der, da dei har ungar med som trener til samme tid i annan sal. Emil Fiske tek seg av dei.

Instruktørgjengen på Ålvundeid er godt tilfreds med tingenes tilstand. Mage ivrige nye i haust.
Instruktørgjengen på Ålvundeid er godt tilfreds med tingenes tilstand. Mage ivrige nye i haust.