ANNONSE:

Verdens beste band til Surnadal!

«Give Me 5» er tilbake, og denne gongen vil dei få besøk av Rasmus og Verdens Beste Band.

Konserten er allereie torsdag 21. april i kulturhuset og det er framleis billettar att til konserten med bandet attom kjente og tullete songar som «Puppan te pappa» og «Daniel datt i do».

Bandet er også kjent for å skrive om tema som ikkje er så vanlege for den yngre aldersgruppa, som «Gutten på stranda» og «Fyllikan i bakgården».

Rasmus og Verdens Beste Band starta opp i 2007 og har gjeve ut fem barneplater og fått tre spelemannsprisar – samt vore med i eit utal med fjernsynsproduksjonar, m.fl. «Kosinus» på NRK Super.

Men Rasmus og Verdens Beste Band skal ikkje få scena heilt for seg sjølv denne torsdagskvelden. Femteklassingane i Surnadal vil også bidra saman med bandet – for endeleg, etter eit par «koronaavlyste» år, er «Give Me 5» tilbake igjen!

Powered by Labrador CMS