Surnadal kommune melder:
Heimetenesta har flytta til kommunehuset
Heimetenesta i Surnadal kommune har flytta inn i midlertidige lokale i 2. etasje på kommunehuset.
Flyttinga skjer som ein del av førebuingane til nytt helsehus, og dei tilsette held no til i dei tidlegare lokala til Skatteetaten.
For brukarar av heimetenesta og heimesjukepleia er det viktig å understreke at tenestene går som vanleg. Telefonnummer, kontaktinformasjon og tenestetilbod er uendra.
– Det er viktig for oss at brukarane opplever minst mogleg endring. Sjølv om vi har flytta til nye lokale, vil tenestene bli leverte som før. Dei midlertidige lokala gir oss gode arbeidsforhold i den planlagde byggeperioden, seier Rikke Schwabe Øie, einingsleiar for Heimetenesta.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i kommunen, med medarbeidarar som kvar dag leverer tenester til innbyggarar over heile kommunen. Flyttinga er eit viktig steg i arbeidet med å legge til rette for bygginga av nytt helsehus.
Besøk etter avtale
Heimetenesta tek imot brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar etter avtale.
Heimetenesta vil ha besøksinngang på baksida av kommunehuset.
Inntil vidare ber vi besøkande melde seg i servicetorget ved hovudinngangen, dersom ikkje anna er avtalt på førehand.
Kontaktinformasjon
Telefonnummer og kontaktinformasjon til Heimetenesta er uendra.
Har du spørsmål om flyttinga eller behov for kontakt med Heimetenesta, kan du ringe 90 20 63 98.
Del av eit større utviklingsarbeid
Flyttinga markerer starten på ein ny fase i arbeidet med nytt helsehus i Surnadal. Målet er å sikre gode og framtidsretta helse- og omsorgstenester for innbyggarane i kommunen.
Dei midlertidige lokala skal sikre stabil drift og gode arbeidsforhold for dei tilsette medan arbeidet med det nye helsehuset går føre seg.
Flyttinga muleggjer også gode løysingar for pasientar som må flytte ut frå sjukeheimen i den planlagde byggeperioden.