ANNONSE FRÅ SURNADAL KOMMUNE:

Endringar i lokale kulturaktivitetar og undervisning frå 20. januar

Frå 20. januar er det lempa på enkelte nasjonale smitteverntiltak, særleg med omsyn til barn og unge. Andre strenge tiltak er vidareførte så lenge det er behov, men blir fortløpande vurdert av myndigheitene.

I Surnadal kommune gjeld følgande endringar innan kulturaktivitetar og undervisning frå og med 20. januar:

Oppvekst: Gult nivå

Ungdomstrinn og vidaregåande skule går frå raudt til gult nivå med fysisk oppmøte på skulen kvar dag.

Kultur og fritid: Gult nivå.

Vi prioriterer tilbod til barn og unge i den fasen vi er i no.

  • Kulturskulen: Tilbake til gult nivå med normal undervisning, inklusive gruppeundervisning.
  • Kinoen: Opnar med barnefilm fredag og søndag kl. 18.00.
  • Fritidsklubben: Har ope på torsdag, med påmelding (nb kohortinndeling på klassar).
  • Utstyrssentralen: Vil være open på torsdag mellom kl. 17.00 - 19.00. Utstyrssentralen held til i lokala til Frivilligsentralen. Her får du lånt ski, skøyter, akebrett, truger, telt osb. heilt gratis. Utstyret er til låns for 1 veke om gongen. For full oversikt over utstyr, sjå heimesida til Utstyrssentralen.
  • Biblioteket: Som no.

Alle smittevernrestriksjonane på dei ulike tilboda vil sjølvsagt bli fulgt. Vi er anbefalt å utsette arrangement som samlar folk frå ulike kommunar, difor er også kinotilbodet retta mot lokale barn.

Nasjonale anbefalingar til idretts- og fritidsaktivitetar:

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, og unntas frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Barn og unge kan trene både ute og inne med sitt lag eller sin klubb, men kampar, cupar, stevner mv. for barn og unge må fortsatt utsettast.
  • Vaksne anbefalast å ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene dersom det er mulie å halde god avstand.

Oversikt over alle nasjonale tiltak finn du på regjeringen.no

Powered by Labrador CMS