Klubbmeisterskap SIL aplpint, dag 2

Meir enn 20 vinnarar i klassen supeslalom U8 og U9

Dei eldste heia fram dei yngste

Alpingruppa altså, for ein fin gjeng!

Publisert Sist oppdatert

Laurdag vart andre del av klubbmeisterskapet til Surnadal IL alpint arrangerert i Sæterlia. Med påskeferie og strålande sol kunne ikkje rammene vore flottare. Først konkurerte dei eldste klassane U12, U14 og U16, i både slalom og storslalom, medan dei yngste heia på dei. Siste konkurranse var superslalom for U8 og U10, med heiarop frå dei eldste med flagg og bjeller.

Det er rørande å sjå kor ivrige ungane og ungdommane er til å heie på kvarandre.

Det er viktig å ha fokus på idrettsglede og deltaking, så dei yngste klassane har ikkje tidtaking og rangering. Alle er vinnarar, og terkelen for å delta skal vere låg. Yngste klassen er U8, men her i klubben deltek det ungar som er mykje yngre enn åtte. Yngste deltakar i dag var fødd i 2021.

Stas med pokal. Mina Langli deltok på sitt første renn. 2 år gammal!

Trollheimsporten har følgd alpingruppa gjennom sesongen, og det har vore mykje imponerande resultat. Det som likevel er aller mest imponerande, er kor velsmurt arrangementa går, kor god stemning det er, og kor godt samahld det er mellom utøvarane. Det er alltid mykje latter og oppmuntring i køa på startstreken. Og skuffkakene er alltid på plass til stor glede for alle.

God stemning før start.

For resultat og fleire bilde, trykk på pilene:

Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Festdag i Sæterlia bada i sol.
Powered by Labrador CMS