Sesongopning i Sæterlia

Perfekt preppa, herleg pudder og mykje glade folk i bakken

Sjølv om meldinga om at bakken likevel opna i dag, kom seint i går, så hadde mange fått det med seg og møtte opp i bakken.

Publisert Sist oppdatert

Opninga var utsett til 29., på grunn av eit sunnkøyrd belte på trakkemaskina, men dei var heldige og fekk kjøpe eit belte frå anlegget i Trysil, og med iherdig innsats og skruing dag og natt, fekk dei orden på det, og fekk opna som planlagt. Vi har testa føret, teke ein prat med driftsleiaren og helsa på nokre av dei besøkande.

Driftsleiar Odd Rune Hoem er ved godt mot.

Bakken er no open til mast elleve. Det er enno ikkje muleg å preparere bakken heilt til topps. Til det trengst det litt krammare snø, kan Odd Rune fortelje. For å få bygd opp parken trengst det meir kulde, slik at dei kan produsere meir kunstsnø. Da bør det hels vere ein fem/seks minusgrader over litt tid. Heldigvis er det mykje vinter att enno. For at dei ivrigaste skal få utfolde seg med triks likevel er det lagt to rør i bakken.

Arnstein Engset Sannes held balansen heile røret.
To av parkbyggarane, Øystein Fiske og Hallvor Drøpping, vart observert i ivrig planlegging utom varmestua.

For dei som trivst litt utanom dei preparerte løypene er det mykje pudder i skogen attmed, og her var det mykje ungdom som utfolda seg, både med naturlege utfordringar og eigenbygde hoppar.

Dette er fjerde sesong Odd Rune driv bakken, og det har vore ein fin trend med mykje besøk, trass utfordrande sesongar med koronanedstenging og restriksjonar. Han har tru på at dette og blir ein god sesong, og forhåndssalet av sesongkort har vore godt. Han oppmodar alle til å bruke bakken, slik at vi får behalde det flotte anlegget vårt. Sjølv om det meste har vorte dyrare i år, vel Surnadal alpinsenter å ikkje auke prisen på heiskorta.

Det blir lagt ned stor innsats av tilsette og frivillige i bakken, både før og under sesongen, og Odd Rune berømmer alle, og legg vekt på kor viktig desse ildsjelene er. Surnadal alpinsenter er og kjend for veldig god service.

Olise Øverland får hjelp av Lyder Bævre til å justere bindingane sine.
Heisvaktene er alltid klare til å assistere gjestane på heisen.
Thor Alfred og Eirik Lediard var dei første som dukka opp og satt og venta på at heisen skulle starte. Dei gler seg på ny sesong, og trur det blir ein del timar i bakken.
Birk Blekken og Fredrik Settemsdal tok turen frå Åsskard og Bøfjorden, dei vil renne heile jula og trivst aller best i skogen og parken.
Perfekte preppa løyper.
Tolmodig kø ventar på at klokka skulle bli 11.00.
Fredrik og Birk vart først opp i år.
Elvijs frå Latvia bor i Surnadal på tiande året og diggar Sæterlia. No har han med seg julegjesten Janis i bakken.
Åtte år gamle Trym og Tiril frå Valsøya har rent mykje i fjor, og det vil dei gjere i år også.
Kristian Slettås har gledd seg lenge til denne dagen, da sesongen i fjor vart ikkje vart heilt hundre prosent på grunn av skade. Han gler seg mest til parken opnar, der han er kjend for høge svev på biggen
Free ski-jenta Bea Kårvatn Korsnes har trent inne på trampoline i påvente av snø, og gler seg til parken blir klar. Den skal pappa Tore vere med å bygge.
Tøffaste jentene i bakken. Solveig, Eirin, Signe og Eline ville ikkje gå glipp av opninga. Eirin var ein av få brettkøyrarar å sjå i dag.
Silje Kristin Kallset Vikavoll og Tiril øver med sele.
I varmestua er diskusjonen om kva som skal til for å sleppe selen heftig.
Filip har slutta å bruke sele, og pappa Ola Inge hjelper til å pusse på teknikken frå i fjor.
Det vart folksomt etter kvart.

I løpet av sesongen vil det bli arrangert fleire renn, damekveld, nybegynnarkveld, snøscooterdag og litt forskjellig. Oversikt finst på nettsidene til Surnadal alpinsenter. I romjula vil bakken vere open 11.00-15.00. Etter jula blir det vanleg opningstid.

Powered by Labrador CMS