Annonse
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:
Testar naudvarsel 12. juni
Klokka 12.00 onsdag 12. juni er det både test av Naudvarsel på mobil og av varslingsanlegg i heile Norge.
Denne nasjonale varslingsprøva vert gjennomført på samme måte som testen i januar 2024 og i juni 2023.
Sivilforsvarets tyfonar gir signalet "Viktig melding – søk informasjon". Samtidig som politiet testar ut Naudvarsel på mobil. Telefonar i heile landet vil vibrere og spille av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler.
Les meir om dette hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB): Nasjonal varslingsprøve onsdag 12. juni (dsb.no)