EM i Taekwon-Do i Kroatia

Det norske seniorlaget vann gull i lagmønster.

Ein stor dag for dei norske deltakarane

Torsdag starta EM i Taekwon-Do i Porec. Det vart ein stor dag med mange medaljer blant dei norske deltakarane, melder surnadalingane frå Kroatia.

Publisert Sist oppdatert

Oddrun Fiske er med deltakarane fra Surnadal Taekwon-Do klubb til Kroatia. Ho fortel at EM blir arrangert på ein fin plass. Alt er godt tilrettelagt, og det er stor stemning på tribunane.

Surnadalingane gjorde seg godt bemerka på den første konkurransedagen.

Kristian Gjersvold fekk sølv i arrangert sparring og gull i lagmønster.

Kristian Gjersvold og Lars Tønder fra Trondheim Taekwon-Do klubb fekk sølvmedalje saman i sparring.
Kristian Gjersvold med to medaljar på den første dagen i EM.

Una Langeland Gravvold vann 1. mønsterrunde, men gjekk ut i neste.

Aurora Berle og Heidi Fiske var begge med på laget som fekk bronse i lagmønster junior.

Heidi Fiske og Aurora Berle med bronsemedaljar i lagmønster.

Aurora gjekk ut etter 1. mønsterrunde i den individuelle konkurransen. Heidi gjekk vidare til runde 2 i mønster, men tapa den kampen mot ho som fekk bronse totalt.

Fredag blir og ein spanande dag, med sparring for mange av deltakarane.

Powered by Labrador CMS