Sara Moen med døtrene Nora ( 9 mnd.) og Ingeborg (3)

Sara er ny inspektør på SUBUS

Denne veka byrjar Sara Moen som inspektør på småtrinnet på SUBUS. – Dette gler eg meg på, seier småbarnsmora og gardkjerringa frå Øvre Surnadal.

Publisert Sist oppdatert

Sara Moen har jobba som lærar sidan ho kom ferdigutdanna til Surnadal i 2018. Da stillinga som inspektør vart utlyst tenkte ho at denne stillinga ville ho søkje på, det skadar ikkje å prøve.

Oppussing og småbarnsliv

Vi blir inviterte på kaffe og kake i eit nyoppussa, lekkert kjøkken. Sara går rundt med Nora på ni månader på hofta.

Jan Henrik, mannen til Sara, kjem inn med Ingeborg på tre år, ho ville ikkje sitte på traktor likevel.

–Det får bli som det blir, smiler Sara.

Ho er ikkje av den sjølvhøgtidlege typen, når Trollheimsportens utsendte skryter av det fine kjøkkenet, vil Sara heller vise fram noko anna.

–Du må sjå grøfta på stua, seier ho og ler.

Og jammen er det ikkje eit avlangt hol midt i stua, mellom den nye og den gamle delen. Ingeborg lyser med lommelykta i "grøfta".

– Mamma, sjå ei flue!

Oppussinga er ikkje heilt ferdig. Vi får ein liten omvising. Det unge paret har hatt det travelt dei siste åra, i tillegg til huset har dei bygd fjøs og fått to ungar.

–Heldigvis har vi fått mykje hjelp frå svigerforeldra mine, seier Sara.

Utlysinga

Da inspektørstillinga på småskulen på SUBUS vart utlyst tenkte ikkje Sara at ho kom til å få stillinga. Det finst så mange dyktige folk med mykje erfaring, tenkte ho.

– Jan Henrik hadde trua, seier Sara og smiler, han skreiv eit nytt punkt med tusj på gjeremåltavla deira, "Bli inspektør".

Da ho fekk jobben vart Sara både glad og overraska. Ho har erfaring som arbeidstillitsvalt, og likte samarbeidet med administrasjonen. I den rolla fekk ho sjå saker frå fleire sider.

Sara er ikkje redd for ei utfordring. Ho gler seg på diskutere og planlegge med kollegaene sine. Ho kjenner dei fleste frå før, og rosar lærarane og miljøet på skulen.

– Kollegane mine er eg veldig heldig med. Eg har fått god hjelp av Eva Rønning, som har vore inspektør på skulen før, fortel Sara. Så eg har fått eit innblikk i kva eg skal jobbe med.

Småbarnsmor og gardkjerring.

Kaoskontroll

Med to barn, jobb, gardsdrift, hus og heim er det sjeldan stille rundt Sara, men ho tar seg tida og verkar lite stressa. Er ho alltid så roleg?

– Tja, eg er ikkje alltid "zen", seier Sara, men eg har funne ut at det ikkje er noko vits i å bry seg om kaos. Eg greier å halde hovudet kaldt, og tenkje at det ordnar seg.

Det er ikkje alle som viser fram grøfene i stua si.

– Nei, kanskje ikkje, men eg tykkjer vi godt kan vise fram "grøftene" i livet vårt, seier Sara og ler.

–E tykkje vi he det fint, e!

Powered by Labrador CMS