Sparebankstiftelsen sikrar populært leirskuletilbod
Måndag kunne dagleg leiar og representantar frå styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank sleppe gladnyheita om at dei sikrar det populære leirskuletilbodet på Bjørnsund for elevane på sjuande årstrinn i Surnadal kommune økonomisk.
Sparebankstiftelsen vil gje hundre tusen kvart år fram til 2032, for å sikre at elevane på sjuande årstrinn framleis får leirskuletilbod på Bjørnsund.
Det var i samband med budsjetthandsaminga i Surnadal kommunestyre rett før jul, at kommunestyret vedtok å seie opp avtalen om leirskuletilbod på Bjørnsund og erstatte dette med leirskuletilbod på Søvassli, som var rundt hundre tusen billigare kvart år.
Dette har i ettertid ført til misnøye både hos elevar og føresette, fordi dei meiner tilbodet på Bjørnsund er det leirskuletilbodet som gjev desidert beste tilbodet og meirverdien for elevane.
– Vi er veldig glade for at Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vil være med å finansiere eit fortsatt leirskuletilbud på Bjørnsund, seier ein godt nøgd Espen Røv, FAU-representant ved SUBUS.
– Ja, dette var verkeleg ei skikkeleg gladnyheit, istemmer ei engasjert mor, Heidi Reiten.
Da er altså leirskuletilbodet på Bjørnsund for elevane på sjuande årstrinn i Surnadal kommune sikra fram til 2032.
– Vi er glade for å sjå at dette var ei populær gåve, og noko elevane verkeleg sett pris på, kunne styremedlemmane Jostein Kvendset, Linn Hamnes og Nils Inge Aasgård slå fast.