Startfelt for 3 km under Trollheimsløpet 2021

Trollheimsløp med god deltaking

I Trollheimsløpet i dag Rindal var det 88 trimmarar som deltok, litt fleire enn i fjor, og i konkurranseklassen starta 45 løparar i mange aldersklassar. Trimmarane var frå barnevognklassen til over 80 år.

Publisert Sist oppdatert
Vinnaren Sverre Solligård (34), Svorkmo NOI, omkransa av Jo-Inge Sandvik (33), Svorkmo NOI og Erik Løfald (28), Rindal IL
Vinnar av dameklassa, Alise Einmo (t.h.) og Mali Eidnes Bakken, begge Rindal IL og blide konkurrentar!

I konkurranseklassen var det Sverre Solligård frå Svorkmo NOI som fekk beste tid, medan Alise Einmo vart klar vinnar av dameklassen.

I 3 km-løypa sprang Vegard Warnes og Lars Svorkdal frå Svorkmo NOI og Erik Kårvatn, Rindal IL under Sondre Nordstad Moen sin gamle løyperekord på 10,05 fra 2006. Dei løp på 9,49, 9,52 og 10,00. Moen var 15 år det året, Svorkdal er 16 år og yngst av desse tre som kom under den gamle rekorden.

Klubbkameratar frå Svorkmo NOI, Vegard Warnes (21) slo Lars Svorkdal med 3 sek, men dei nann kvar sin klasse!

Komplett resultatliste finn du her!

Magnus Øyen, Rindal IL tok lett sigeren på 1 km-løypa.

Koronareglane for breiddeidrett gjorde at deltakarar frå distriktet busett i Trondheim ikkje kunne delta, men toppidrettsutøvarar er unnateke.

Publikum som møtte fram spreidde seg i smågrupper i god avstand frå kvarandre aust for Trollbanen der Tor Jarle Bolme informerte over høgtalar og organiserte både løpet og premieutdeling perfekt i lag med staben sin.

Bolme meinta at dette var den første konkurransen utafor Trondheim under pandemien, og han håpa at det alt frå neste veke kunne bli meir normale fohold for løpskonkurransar.

Trollheimsløpet 2021 var det 50. i rekka. Dei første 5 åra har ein ikkje resultatlister frå, så dei er ikkje med i statistikken som du finn på nettsidene til Rindal IL. Der finn du mellom anna "Adelskalenderen" som viser tidene etter den siste traséen frå 1996.

Du kan sjå meir om Trollheimsløpet 2021 på facebooksida til Rindal IL Friidrett!

Sjå bildeserie frå Trollheimsløpet 2021, tatt av Eli Solvik, nedafor!

Foto: Eli Solvik
Powered by Labrador CMS