Formannskapsmøte i Surnadal
Tysdag 1. september var det formannskapsmøte i Surnadal. Møtet starta med ein kort minnetale frå ordføraren og eitt minutts stille for Kong Harald V.
Sjå sakslista og saksdokumenta til møtet på Surnadal kommune si heimeside.
Ordførar Hugo Pedersen innleia med ein kort minnetale for Kong Harald V, som gjekk bort 28. august. I møterommet var det sett opp eit bilde av Kong Harald saman med eit tent lys. Etter minnetalen reiste alle i Formannskapet seg og heidra den avdøde kongen med eitt minutts stille, før det ordinære møtet starta.
Anders Marius Bøe, som er ny einingsleiar for teknisk drift, hadde sin første arbeidsdag i Surnadal kommune denne dagen. Han presenterte seg for formannskapet.
På agendaen denne dagen sto også orienteringar frå to av aktørane som ønsker å etablere seg med datasenter i Surnadal. Dette er svært interessante orienteringar, som vi anbefaler alle å sjå og lytte til på Kommune-TV.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande orienterte om oppfølgig av berekraftig kommuneøkonomi etter rammekonferansen 19. august, og organiserte eit kort gruppearbeid i formannskapet om dette.
Formannskapet behandla også ein søknad frå Todalsfjordprosjektet AS, om tilskot til drift i 2026. Fleirtalet i formannskapet vedtok å løyve eit tilskot på kr 200.000 frå næringsfondet.
-
Sjå heile møtet med alle orienteringane på Kommune-TV: