Ein fornøgd Sp-delegasjon på valvake i Musters Pub måndag kveld, med Surnadal-ordførar Margrethe Svinvik i spissen.

– Dette er full pott

Både Sp og FrP i Surnadal godt fornøgde med valprognosene måndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Dei politiske partia i Surnadal møttest måndag kveld til felles valvake i Musters Pub ved Thon Hotel Surnadal.

Valgdagsmålingane tyder på at det kan gå mot regjeringsskifte, og at Senterpartiet kan verte krona til valets vinnarar.

– Det går slik vi håpa, at vi ser ut til å bli valets vinnar, med ganske god margin.

Det seier ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik, som og kan glede seg over gode resultat lokalt i Surnadal og Rindal.

– Det er sjølvsagt ekstra artig, at resultata lokalt ser ut til å bli så gode. Vi har jo ein lokal kandidat på toppen, så det har litt med det å gjere og, tenkjer eg.

Svinvik er glad for at valdagsmålingane viser at det kan gå mot eit regjeringsskifte.

– Det er det vi har kjempa for, så dette er full pott, seier ho.

– Dette kan bli det beste stortingsvalet for Sp i Surnadal på veldig lenge, seier kommunestyre- og fylkestingsrepresentant Bernt Venås.

FrP-representantane på valvaka i Surnadal fekk sjå prognosar som tydar på at FrP blir det største partiet i Møre og Romsdal.

Også FrP-delegasjonen på Musters Pub var godt fornøgde måndag kveld.

– Det ser bra ut, vi er ganske trygge på å få inn to mandatar i Møre og Romsdal no. Det har vi kjempa mykje for, seier Surnadal FrP-leiar Nils Petter Tonning.

Han trur partiet sin kamp for Romsdalsaksen, på bekostning av Møreaksen, har hatt mykje å seie for at partiet klokka 22.30 måndag ligg an til å bli det største partiet i fylket, med 22,3 prosents oppslutning (87 prosent av stemmene talt opp).

– Vi har stått veldig på for Romsdalsaksen, og det trur eg har gjort veldig mykje for oss. Blir valresultatet slik det ser ut, må vi vere godt fornøgde, seier han.

MDG-representantane Eli Vullum Kvande og Erik L. Moen var - og er - spente på om partiet kjem seg over sperregrensa på 4 prosent oppslutning.

– Eg håpar natta snur dette. Uansett ligg vi an til å få minst tre mandat, og det er to repesentantar meir enn vi har no, så vi får heilt sikkert vise fram politikken vår meir enn vi har gjort, seier Vullum Kvande, og legg til:

– Vi skal halde fram med å bygge parti. Det tek tid. Vi har meir enn nok god politikk, vi må berre arbeide med å få den fram.

Spenninga i kveld vil i stor grad altså vere knytt til sperregrensa, som er på fire prosent oppslutning.

Både Rødt, KrF, Venstre og MDG kjempar for å halde seg over grensa, ettersom partia som klarar det får utjamningsmandat, som vil gje dei langt fleire plassar på Stortinget.

Slik er status måndag klokka 22.58:

R: 4,57%
V: 4,15%
KrF: 3,99%
MDG: 3,73%

Ole Stensby (Sv), Eli Vullum Kvande og Erik Moen (MDG) på valvake.
Powered by Labrador CMS