Privat foto

Nordmøre folkehøgskule 1936

Publisert Sist oppdatert

Dette historiske bildet dukka opp ein dag eg undersøkte ein stor pappkasse med gamle brev, rapportar og manuskript etter far Sturla som var styrar på Nordmøre folkehøgskule frå 1932 – 1957. I bakgrunnen på bildet ser vi internatet som opprinneleg var hotell importert frå Eresfjorden og oppsett i 1919 under den første styraren på skulen Eirik Øverås. Året etter bygde dei gymbygget. Slik vart det eit stort ope tun mellom Sommerrohusa, styrarbustaden og dei nye skulebygga, noko som gjorde plassen til fast og fin arena for 17. maifeiring, elev- og songarstemne. Skulen vart beslaglagt av tyske tropper under krigen. I dag er desse første skulebygningane borte, men vi reknar med at dagens pensjonistar hugsar synet.

Og der står elevane, lærarane, ja til og med styrarungane uti djupsnøen og ser på fotografen med stort alvor. Det går an å kjenne att fleire, særleg lærarane: Gjertrud Meisingset, Anna Vik og Gudmund Leren til venstre. Sturla Brørs med mor Magna til høgre, og truleg Bjarne Slapgard bak dei. Presten Lereim Pedersen er vanskeleg å finne. I jubileumsboka for Nordmøre folkehøgskule i 1988 har Gerd Hjelle Bondhus lista opp 35 elevar for året 1935-36.

Det er lett å plukke ut Anders Tangen frå Sunndal for han var så lang/høg. Han fann truleg kona si, medelev Karen Ree frå Sommerro den vinteren. Eller var det omvendt? Her er resten - i grei uorden: Eivind Fiske, Mikal Myrbostad, Rolf Vaseng, Olav Øye, Lars J. Røv, Knut Søyset, Inge Olav Polden, Kari Svendsen, Anne Marie Heyerdahl, Ingeborg Gjeldnes og Trygve Polden, alle frå Surnadal. Astrid Halle, Margit Ramsøy, Anders B.Todalshaug og Leif Ulvund frå Stangvik, Ellen J. Todal, Helga Todal og Marie Våg frå Aure. Jon S. Reiten og Hallvor Blekken frå Halsa. Anne Gjul og Nils Gjul frå Tingvoll. Olga Austigard og Odd Austigard frå Eresfjord. Odin Gjestad,Valsøyfjord. Jarle Hommelhaug, Hopen. Liv Vikdal,Vefsn. Peter Rømo, Kvam. Othilie Aarønes, Fræna. Inge Fosseide, Hegra. Anton Brennskag, Hopen og Marta Røsand frå Bremsnes.

Styrarungane Åsa, Gunnbjørg og Styrkår har også lura seg med på bildet. Det var stas!

-Styrkår Brørs -

Powered by Labrador CMS