NoFo-elevar laga julekort og juleglede-pakkar til bebuarane på sjukeheimen

Denne veka ønska elevane på filmskuespiller-linja ved Nordmøre Folkehøgskule bruke litt tid på å gjere noko for andre.

Publisert Sist oppdatert

Elevane har vore opptekne av kor heldige dei er som har fått lov til å leve saman som ein stor familie i haust, og ville gjerne glede nokon som har opplevd meir isolasjon og einsemnd under koronapandemien enn det dei sjølv har gjort. Difor har dei skrive julekort og laga små juleglede-pakkar til alle dei 61 bebuarane på Surnadal Sjukeheim.

Tysdag denne veka var heile klassen oppe på sjukeheimen for å overlevere gåvene til einingsleiar Marit Mo Kvendbø på smittevernvennleg vis, og fekk til og med lov til å overrekke helsing personleg til to av bebuarane, som sette stor pris på omtanken.

– Dette var ein fin gest, og eit svært positivt bidrag frå elevane ved folkehøgskulen, seier einingsleiar ved Surnadal Sjukeheim Marit Moe Kvendbø til Trolheimsporten.

"Dette varmer hjertene våre, tusen takk til alle dere fra film-linja på Nofo", skriv Surnadal sjukeheim på si facebookside.

Powered by Labrador CMS