Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune melder:
Stor interesse for gang- og sykkelveg i Surnadal
Seks entreprenørar har levert tilbod på bygging av 1,6 km gang- og sykkelveg/fortau langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune. Dei lågaste tilboda er under kostnadsoverslaget som vart gjort før utlysing.
- Vi er godt nøgde med konkurransen på oppdraget. No jobbar vi med å gå igjennom dokumentasjonen og kontrollrekne tilboda, så vil vi tildele kontrakten, seier prosjektleiar Solgunn Langlo i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Desse leverte tilbod
Når kontrakten er tildelt, har dei andre entreprenørane ti dagars karensperiode før kontrakten kan signerast.
Fakta om prosjektet:
- 900 meter gang- og sykkelveg
- 500 meter fortau
- Ny gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla
- Betre sikt for trafikantane ved Røvbrua
- Terrengstabilisering
- Fire busslommer
- Veglys på heile strekningen
- Planlagt byggestart våren 2022 og opning sommaren 2023
Det er viktig å skilje mellom dei innkomne tilboda og den totale kostnadsramma. Den totale kostnadsramma på 85 mill. kr inneheld alle kostnadar i prosjektet, som til dømes planlegging, prosjektering, grunnerverv, byggherrekostnadar og avsetting til usikkerheit.