Møre og Romsdal fylkeskommune:
Kutt og endringar i økonomiplan gir utfordringar for fylkesvegprosjekt
Fylkestinget sitt vedtak i desember om budsjett og økonomiplan for dei neste fire åra får konsekvensar for planlagde fylkesvegprosjekt, skri Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding torsdag.
No skal samferdselsutvalet i møtet 4. februar behandle kva vedtaket betyr for framdrift, prioriteringar og tryggleik i vegnettet.
Store endringar i vedtaket
Bakgrunn for saka er fylkestinget sitt vedtak om budsjett og økonomiplan 2026-2029. I den vart det vedtatt store endringar, med konsekvensar som fylkeskommunedirektøren må informere om, heiter det i pressemeldinga.
I saka til samferdselsutvalet går det fram at kutt – og også auka løyvingar – vil påverke framdrift og intern ressursbruk i administrasjonen.
Fylkeskommunedirektøren skriv at det vil vere vanskeleg eller umogleg å innfri forventningane som fylkestinget har til framdrift i nokre av fylkesvegprosjekta som er vedtatt, sjølv med meir pengar. Andre prosjekt treng meir midlar tidlegare i perioden for å halde tempoet, noko som krev endra fordeling av midlar i den nye økonomiplanen. Kutta i investeringsrammene gjer også at enkelte prosjekt ikkje kan gjennomførast i planperioden.
Konsekvensar av vedtaket i fylkestinget
Her er nokre av prosjekta som fylkeskommunedirektøren meiner økonomiplanvedtaket får konsekvensar for:
- Tunneltryggleik svekka: Kutt på 232 mill. kroner til tunnelsikkerheitstiltak betyr at Atlanterhavstunnelen og Tussentunnelen ikkje blir oppgradert i perioden. Dette aukar risikoen for trafikantane og kan føre til at fylkeskommunen mister kompetanse innan tunneloppgradering. Fordelinga av midlane i økonomiplanperioden må også endrast for rasjonell gjennomføring av planlagt arbeid i Eiksundtunnelen.
- Bruprosjekt utsett: Reduksjon på 90 mill. kroner til opprusting av bruer kan gi stengde vegar pga. redusert bereevne, med konsekvensar for næringsliv og landbruk. Finnøybrua får eit kutt på 80 mill. kroner, noko som gjer det umogleg å gjennomføre prosjektet som planlagt.
- Framskunda satsingar krev ressursar og tid til prosjektering: Todalsfjordprosjektet får auka løyvingar på 24 mill. kroner, men det er behov for endra periodisering for å ferdigstille planarbeidet innan 2029. Årødalskrysset får ikkje byggestart før 2027, pga. nødvendig tid til prosjektering og gjennomføring av konkurranse.
Bemanning blir flaskehals
Fleire prosjekt krev rask oppbemanning av plan- og byggeleiing. Rekruttering tar tid og kan forseinke framdrifta, sjølv der midlane er på plass.
Samferdselsutvalet skal no ta stilling til korleis endringane skal følgjast opp i vidare planlegging og prioritering av fylkesvegprosjekta.
I utvalsmøtet blir det også gitt ei samla munnleg orientering av konsekvensar av økonomiplanvedtaket.