En mann med varselklær som står på en nylig asfaltert veg.

Desse vegstrekningane er planlagt asfaltert i år

Torsdag sendte Møre og Romsdal fylkeskommune ut ei pressemelding om kva for strekningar på fylkesvegane som er planlagt asfaltert i år. 137.388 meter fylkesveg skal få nytt dekke i løpet av 2026.

Publisert

    Dette går fram av årets dekkeleggingsprogram, som samferdselsutvalet blir orientert om i møtet onsdag 18. mars.

    Det ordinære budsjettet for asfaltarbeid er på 142 millionar kroner. I tillegg kjem 7 millionar kroner frå det generelle vedlikehaldsbudsjettet, og 16 millionar kroner i investeringsmidlar til forsterking av fem utvalde strekningar. 


    I Surnadal står desse vegane på lista i år:

    Fv670 Melhus - 1834m
    Fv670 Kvanne - sirkelhumper
    Fv6145 Haugen - Åsbøen - 2995m
    Fv6152 Øravegen - sirkelhumper
    Fv6156 Naustvollan - Hallvardvika - 1470m

Planen er ikkje endeleg. Først etter den siste teleløysinga om våren blir dei endelege prioriteringane fastsette, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen. Det kan bli nokre få endringar i prioriteringane basert på innmelding frå entreprenørar om skadar og andre uventa hendingar. Det kan òg bli gjort omprioriteringar etter at asfaltarbeidet er i gang.

Sjølv om årets program er stort, ligg behovet langt høgare. Fylket anslår at det årlege behovet for asfaltvedlikehald er om lag 300 millionar kroner, noko som er nær det doble av årets budsjettramme. Etterslepet på dei mest slitte vegane vil derfor halde fram med å auke.

Powered by Labrador CMS